Svetlana Viktorovna Ulmasova () var ein sovjetisk langdistanseløper frå Basjkortostan. Ho vart europameister på 3000 meter både i 1978 og 1982.
Aktiv Ulmasova vann gullmedaljen i friidretts-EM 1978 i Praha etter eit løp på 8.33,2. Ho forsvarte EM-tittelen fire år seinare i Aten, med tida 8.30,2 slo ho sølvvinnaren med seks sekundar. Vel ein månad føre meisterskapen i Aten forbetra ho verdsrekorden på 3000 m til 8.26,7, dermed sletta ho den seks år gamle rekorden til Ljudmila Bragina. Verdsrekorden stod i to år.
Under verdsmeisterskapen i friidrett 1983 i Helsingfors vart Ulmasova nummer fire, mindre enn sekundet bakom vinnaren Mary Decker frå USA.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Swetlana Ulmassowa» frå , den 5. september 2014.
World Athletics
Kategori:Sovjetiske langdistanseløparar Kategori:Folk frå Basjkortostan