Beaubourg er eit album av den greske musikaren Vangelis frå 1978. Det er heilt synthesizer-basert og særs eksperimentelt, basert på eksperimentelle improvisasjonar. I lag med Hypothesis (spelt inn i 1971 og uoffisielt gjeve ut i 1978) vert det ofte rekna som eit av dei minst tilgjengelege verka til Vangelis. Invisible Connections (1985) vert ofte òg rekna med i denne kategorien, basert på eksperimentell klassisk musikk.

Albumet er meint å reflektere livet i bydelen Beaubourg i Paris, der Vangelis budde tidleg i 1970-åra. Beaubourg er ein musikalsk representasjon av Centre Pompidou i Paris.

Musikken på albumet vart framført med ein eller fleire Yamaha CS-80 og ringmodulator, som han brukar mykje.

Plateomslaget er laga av Vangelis sjølv. Lydteknikar på albumet var Keith Spencer-Allen, som var assistert av Marlis Duncklau.

Allmusic skreiv om albumet at det var «i beste fall vanskeleg å lytte til».

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beaubourg (album)» frå , den 6. september 2014. oppgav desse kjeldene: 'Vangelis Movements' Intervju i 1979 'Elsewhere'

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Vangelis-album Kategori:Windham Hill Records-album Kategori:Eksperimentelle musikkalbum