R. Kelly () er ein amerikansk R&B-songar og plateprodusent som gjerne blir kalla Kongen av R&B.
Karriere
Kelly tok til å opptre seint i 1980-åra, og debuterte med gruppa Public Announcement i 1992. Han starta solokarrieren sin i 1993 med plata 12 Play. Han er kjend for mange hitsinglar, m.a. «Bump n' Grind», «Your Body's Callin'», «I Believe I Can Fly», «Gotham City», «Ignition (Remix)», «If I Could Turn Back the Hands of Time», «The World's Greatest», «I'm a Flirt», og rap-operaen «Trapped in the Closet». Kelly vann tre Grammy-prisar for «I Believe I Can Fly» i 1998.
Kelly har skrive, produsert og laga remixar av songar og plater for mange artistar, til dømes Aaliyahs debutalbum frå 1994, Age Ain't Nothing But a Number. Kelly blei nominert til Grammy-prisen i 1996 for å ha skrive Michael Jackson-songen «You Are Not Alone». I 2002 og 2004 slapp R. Kelly ut samarbeidsplater med rapparen Jay-Z. Han har også vore gjestevokalist for andre hip-hopparar, til dømes Nas, Sean Combs og Fat Joe.
Recording Industry Association of America har anerkjent R. Kelly som ein av dei mestseljande musikkartistane i USA med 40 millionar selde plaster. I tillegg er han ein av fem svarte artistar som har hamna blant dei beste 50 på den same lista. Billboard kalla R. Kelly den mest framgangsrike R&B-artisten gjennom dei siste 25 åra i mars 2011. Kelly har sloppe 12 solostudioalbum og selt over 100 millionar plater på verdsbasis. Dette gjer han til den mest framgangsrike mannlege R&B-artisten i 1990-talet, og ein av dei mestseljande musikarane nokonsinne.
R. Kelly slapp nyleg albumet Black Panties der «My Story» er ein av singlane.
Diskografi 1992: Born into the 90's 1993: 12 Play 1995: R. Kelly 1998: R. 2000: TP-2.com 2002: The Best of Both Worlds 2003: Chocolate Factory 2004: Happy People/U Saved Me 2004: Unfinished Business 2005: TP3.Reloaded 2007: Double Up 2009: Untitled 2010: Love Letter 2012: Write Me Back 2013: Black Panties
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «R. Kelly» frå , den 8. september 2014.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Folk frå Chicago Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske R&B-musikarar