Christian Reif () er ein tysk lengdehoppar frå Speyer i Rheinland-Pfalz. Reif, som representerer klubben ABC Ludwigshafen, vart europameister i lengdehopp i 2010.
Aktiv Reif gjorde sitt fyrste åttemeters-hopp den 21. juli 2007 under den tyske meisterskapen i Erfurt. Der landa han på 8,08 m og vann meistertittelen, samstundes kvalifiserte han seg til verdsmeisterskapen i Osaka. I Osaka forbetra han sin personlege rekord til 8,19 m i kvalifiseringa, men i VM-finalen enda han på niandeplass etter eit lengstehopp på 7,95 m.
I 2010-sesongen forbetra Reif si eiga bestenotering til 8,22 m i Weinheim, ei veke seinare la han på til 8,27 m i Hengelo. Under EM i friidrett 2010 i Barcelona vann han den 1. august gullmedaljen, med ny personbeste på 8,47 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Nr 9 – 7,95 m EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 8,47 m, framom Kafétien Gomis (8,24 m) VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 8,19 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (7,92 m – nr 13) VM 2013 i Moskva: Nr 6 – 7,98 m EM 2014 i Zürich: Nr 8 – 7,95 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Christian Reif» frå , den 8. september 2014.
World Athletics
Kategori:Tyske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014