Gerald «Gerry» Rafferty () var ein skotsk songar-låtskrivar, mest kjend for hittane «Baker Street», «Right Down the Line» og «Night Owl», i tillegg til «Stuck in the Middle with You» spelt inn med bandet Stealers Wheel.

Rafferty vart fødd i ein arbeidarklassefamilie i Paisley i Renfrewshire i Skottland. Mora lærte han både irske og skotske folkeviser som gut. Seinare vart han inspirert av The Beatles og Bob Dylan. Han vart med i folkpopgruppa The Humblebums i 1969. Etter gruppa vart oppløyst i 1971, spelte han inn det første soloalbumet, Can I Have My Money Back? og Rafferty og Joe Egan danna gruppa Stealers Wheel i 1972. Dei spelte inn fleire hittar, mellom andre «Stuck in the Middle with You» og «Star». I 1978 spelte han inn det andre soloalbumet sitt, City to City, med hitten «Baker Street», som er den mest populære songen hans.

Tidlege år mini|venstre|Foxbar i Paisley i Renfrewshire, der Rafferty voks opp. Rafferty vart fødd 16. april 1947 i ein arbeidarklassefamilie i Underwood Lane i Paisley, ein son og barnebarn av kolgruvearbeidarar. Han var son av Mary Skeffington og Joseph Rafferty; og hadde to brør, Jim og Joe.

Rafferty voks opp i ein kommunal bustad i Foxbar og gjekk på St Mirin's Academy. Den irskfødde faren var ein valdeleg alkoholikar, gruvearbeidar og lastebilsjåfør som døydde i 1963, då Rafferty var 16. Han lærte både irske og skotske folkeviser som gut: «Far min var irsk, så då eg voks opp i Paisley høyrte eg alle desse songane då eg var to-tre år gammal. Songar som «She Moved Through the Fair», som mor mi syng vakker. Og mange tradisjonelle irske og skotske songar».Gerry Rafferty Interview by Colin Irwin, Folk Roots, 1988Tributes paid to Gerry Rafferty by John Kilbride, STV, 5 January 2011 Han var kraftig inspirert av folkemusikk og musikken til the Beatles og Bob Dylan, då den unge Rafferty starta å skrive sine eigne songar.

Musikkarriere Rafferty forlét St. Mirin's Academy i 1963. Han arbeidde hos ein slaktar, som kontorassistent, og i ein skobutikk, men som han seinare sa i intervju: «Men det var aldri noko anna for meg enn musikk. Eg hadde aldri planar om å gjere karriere i dei jobbane eg hadde.»You can take the boy out of Paisley... but you can't take Paisley out the boy!, Paisley Daily Express, 23 June 2000 I helgene spelte han og skulekameraten og det framtidige Stealers Wheel-medlemmet Joe Egan i den lokale gruppa The Mavericks, og spelte hovudsakleg songar av grupper som The Beatles og The Rolling Stones. I midten av 1960-åra tente Rafferty pengar ei stund som gatemusikant i London Underground. I 1966 vart Rafferty og Egan medlemmar i bandet The Fifth Column. Gruppa gav ut singelen «Benjamin Day»/«There's Nobody Here» (Columbia 8068), men han selde dårleg.

The Humblebums/Stealers Wheel I 1969 vart Rafferty den tredje medlemmen i folkpopbandet The Humblebums som bestod av den framtidige komikaren Billy Connolly og Tam Harvey. Harvey slutta kort tid etter, og Rafferty og Connolly heldt fram som ein duo, og gav ut to album for Transatlantic Records. Ein konsert i 1970 i Royal Festival Hall, for Fotheringay og Nick Drake, gav dei positiv kritikk frå Karl Dallas, som skreiv at alle tre synte «talent heller enn innfrielse», og skreiv at «Gerry Rafferty sine songar har den søte sårheita som Paul McCartney hadde i 'Yesterday'-stemninga si». I sine eigne stand-up-show har Connolly ofte fortalt om denne perioden. mini|Sjølv om Rafferty og Connolly gjekk kvar sin veg i 1971, vart dei verande nære vener fram til Rafferty døydde i 2011.

Etter at dei to valde å gå kvar sin veg i 1971, signerte eigaren av Transatlantic, Nathan Joseph, kontrakt med Rafferty som soloartist, og Rafferty spelte inn det første soloalbumet sitt, Can I Have My Money Back?, med Hugh Murphy, ein ung produsent som arbeidde for selskapet. Albumet fekk god kritikk, men selde heller dårleg. I følgje dottera til Rafferty, Martha, var det på denne tida at faren ved ein tilfeldigheit oppdaga Colin Wilson-boka The Outsider, om framandgjering og kreativitet, som vart ei stor inspirasjonskjelde for både låtane hans og synet hans på verda: «Ideane og referansane i den boka inspirerte han resten av livet». Rafferty sjølv har seinare sagt at framandgjering var eit «vedvarande tema» i songane sine; «To Each and Everyone» frå Can I Have My Money Back?, var eit tidleg døme.

I 1972, etter å ha blitt lite spelt på radio, slo Rafferty seg saman med Egan og danna Stealers Wheel og spelte inn tre album med dei legendariske amerikanske låtskrivarane og produsentane Leiber & Stoller. Gruppa var plaga av rettslege stridar, men fekk ein stor hit med «Stuck in the Middle With You». Tjue år seinare vart songen nytta i filmen Reservoir Dogs i 1992, sjølv om Rafferty ikkje gav løyve til at han kunne gjevast ut på ny. Stealers Wheel produserte òg dei mindre hittane «Everything'll Turn Out Fine», etterfølgd av «Star», og det var ytterlegare indikasjonar på den aukande framandgjeringa til Rafferty på songar som «Outside Looking In» og «Who Cares». Duoen vart oppløyst i 1975.Bruce Eder, Stealers Wheel at Allmusic.com

City to City/Night Owl mini|Eit gateskilt frå Baker Street i sentrum av London, inspirasjonen til den kjende songen av Rafferty. På grunn av ein rettsstrid etter at Stealers Wheel vart oppløyst, kunne ikkje Rafferty gje ut eigne songar. Då striden var løyst i 1978, spelte han inn det andre soloalbumet sitt, City to City, med produsenten Hugh Murphy, som inneheldt songen som han er mest identifisert med, «Baker Street». I følgje Murphy, som vart intervjua av Billboard i 1993, måtte han og Rafferty bønfalle United Artists om å gje ut «Baker Street» som singel: «Dei sa faktisk at han var for god for publikum.» Singelen nådde tredjeplassen i Storbritannia og andreplassen i USA. Albumet selde over 5,5 millionar eksemplar, og slo filmmusikken til Saturday Night Fever ned frå toppen av albumlista i USA den 8. juli 1978.Billboard Album Chart, 8. juli 1978 Rafferty rekna dette som den første smaken av suksess, som han sa i Melody Maker det følgjande året: «...alle platene eg har gjort før dette har vore floppar. Stealers Wheel var ein flopp. 'Can I Have My Money Back?' var ein flopp. The Humblebums var ein flopp... Livet mitt står ikkje eller fell med talet på folk som kjøper platene mine.»

«Baker Street» hadde ein markant saksofonsolo spelt av Raphael Ravenscroft, sjølv om opphavet til soloen har vore omstridd. Som songaren fortalte i eit intervju i 1988 med Colin Irwin: «Då eg skreiv songen såg eg den biten som eit instrumentalt parti, men eg visste ikkje kva instrument. Me prøvde elektrisk gitar, men det vart for svakt, og me prøvde andre ting, og eg trur det var Hugh Murphy som foreslo saksofon.»

I eit intervju i 2006 med The Times hugsar Ravenscroft episoden annleis, og hevda han vart presentert ein song med «fleire gap». «Om du spør meg: 'Gav Gerry meg eit stykke musikk eg skulle spele?' så nei, det gjorde han ikkje. Faktisk, det meste av det eg spelte var eit gammalt bluesriff.»«Stuck in a battle with booze», www.scotsman.com, 2. august 2008] Ravenscroft, ein studiomusikar, var i studio for å spele inn ein kort sopransaksofon og foreslo å spele inn den kjende soloen med altsaksofonen han hadde liggande i bilen. mini|Hugh Murphy produserte sju av soloalbuma til Rafferty.

I intervju med Colin Irwin sa Rafferty at det ikkje var slik og at Ravenscroft hadde vore andrevalet hans som saksofonist, etter Pete Zorn, som ikkje kunne på det tidspunktet: «Den einaste forvirrande på den tida, som eg ikkje likte noko særleg var at mange trudde at den linja var skriven av Raphael Ravenscroft, saksofonisten, men det var mi linje. Eg song linja til han.» Då ein remastra versjon av City to City kom ut i 2011, inneheldt det den originale versjonen av songen med elektrisk gitar, og stadfesta at det var Rafferty som skreiv linja. I plateomslagsteksten skreiv den langvarige venen til Rafferty, Rab Noakes: «La oss håpe at [Baker Street-demoen] endeleg vil avslutte dei som meiner det var saksofonisten som skreiv melodilinja. Han gjorde ikkje det. Han berre spelte det personen som skreiv songen bad han om, Gerry Rafferty.» Michael Gray, den tidlegare manageren til Rafferty, var samd: «Beviset er der frå demonane, at det var Rafferty sjølv som skreiv riffet og plasserte det akkurat der det enda opp i den endelege versjonen av songen.» Ravenscroft spelte òg på dei to neste albuma til Rafferty.

«Baker Street» har vore spelt mykje på softrock-radio og i oktober 2010 hadde han i følgje BMI vorte spelt fem millionar gonger verda over. «Stuck in the Middle With You» hadde då blitt spelt fire millionar gonger, og «Right Down the Line» over tre millionar gonger.BMI I eit intervju i 2003 med The Sun (Scotland), sa Rafferty kor lønsam den største songen hans var: «Baker Street gjev meg framleis kring £80 000 i året. Eg må innrømme at eg kunne ha levd av den songen aleine». Rafferty skal visstnok ha hata dance-versjonen frå 1990-åra av «Baker Street» av Undercover, sjølv om det gav han ytterlegare 1,5 millionar pund i platesal frå Europa og Amerika. Han let aldri «Baker Street» bli nytta i reklamar, trass i lukrative tilbod.

«Right Down the Line» var den andre singelen frå City to City. Songen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100-lista og førsteplassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista i USA. Han låg på toppen av adult contemporary-lista i fire veker på rad. Den tredje singelen frå albumet, «Home and Dry», nådde 28. plassen på singellista i USA tidleg i 1979.Joel Whitburn, «The Billboard Book of Top 40 Hits (6th Edition)», s. 493.

Det neste albumet hans, Night Owl, gjorde det òg bra. Gitaristen Richard Thompson spelte på songen «Take The Money and Run», og tittelsporet gjekk til femteplassen i Storbritannia i 1979.«Days Gone Down» nådde 17. plassen i USA. Oppfølgjaren «Get It Right Next Time» nådde topp 40 i både Storbritannia og USA.

Snakes and Ladders/Sleepwalking/North And South mini|venstre|Fleire av soloalbuma til Gerry Rafferty, mellom anna City to City og Night Owl og delar av Snakes and Ladders og Sleepwalking, vart spelt inn i Chipping Norton Recording Studios. Påfølgjande album, som Snakes and Ladders (1980), Sleepwalking (1982) og North and South (1988), gjorde det mindre bra, kanskje fordi Rafferty var ukomfortabel med å halde konsertar og gjorde dette sjeldan.

Raffert nytta nye metodar på albumet Sleepwalking frå 1982. Christopher Neil erstatta Hugh Murphy, den vanlege produsenten til Rafferty, og introduserte synthesiserar og trommemaskinar, for å gje albumet ein hardare, og mindre akustisk stil. Han gjekk dermed bort frå dei rike detaljerte arrangementa på dei tre førre studioalbuma til Rafferty. I følgje Murphy, som vart intervjua ti år seinare: «Gerry hadde laga tre album på rappen og eg trur han var ganske trøytt på den tida og kjende presset og berre tenkte, 'vel, eg prøver noko nytt,' som er forståeleg». I staden for eit måleri med handskriven tekst av John Patrick Byrne, som hadde illustrert dei tidlegare Rafferty- og Stealers Wheel-album, hadde Sleepwalking eit enkelt, nake fotografi av ein aude veg mot horisonten. Det var òg ei endring i songane. Dei djupe, innanvendte tekstane på Sleepwalking indikerer at Rafferty ikkje meinte suksessen var særleg glamorøs. Songar som «Standing at the Gates», «Change of Heart» og «The Right Moment» handlar om å vere utsliten, utbrend og desperat søkje ei ny retning., Henta from Wayback Machine archive of www.gerryrafferty.com, 27 February 2011 I 1983 annonsert Rafferty at han ønskte å ta ein pause og vere meir med familien: «Det gjekk opp for meg at sidan Baker Street hadde eg turnert verda rundt, reist overalt og sett ingenting. Uansett kva eg gjer i framtida, skjer det i mitt eige tempo, slik eg vil det.»Baker Street Legend Rafferty Dies at 63, Evening times, 5. januar 2011