«Baker Street» er ein ballade skriven og spelt inn av den skotske musikaren Gerry Rafferty. Han vart gjeven ut som singel i 1978 og nådde toppen av Cash Box-lista og andreplassen på Billboard-lista i USA, der han låg i seks veker. I tillegg nådde han toppen av lista i Canada og Australia, tredjeplassen i Storbritannia og topp 10 i Nederland. Arrangementet er kjend for saksofonriffet som kjem i starten og fleire gonger i løpet av songen.
Rafferty fekk Ivor Novello-prisen for beste song i 1978.Lister, David, Pop ballads bite back in lyrical fashion, The Independent, 28 May 1994 I oktober 2010 hadde songen i følgje BMI passert 5 millionar avspelingar på radio.
Opphav Songen er kalla opp etter ei kjend gate i London og vart gjeven ut på det andre soloalbumet til Rafferty, City to City, som var den første plata Rafferty gav ut etter kontraktsproblema då det førre bandet hans, Stealers Wheel, vart oppløyst i 1975. I mellomårda hadde ikkje Rafferty løyve til å gje ut nye songar.
Rafferty skreiv songen i ein periode då han prøvde å kome seg laus frå Stealers Wheel-kontrakten, og han reiste ofte mellom familien heime nær Glasgow og London, der han ofte budde hos ein ven i Baker Street. Som Rafferty sa det, «alle saksøkte kvarandre, så eg brukte mykje tid på nattoget frå Glasgow til London for å møte advokatane. Eg kjende ein fyr som budde i ein liten leilegheit i Baker Street. Me sat og preika eller spelte gitar der gjennom natta.»Gerry Rafferty and his songs of alienation Daily Telegraph 2011-01-05,
Slutten av rettssaka og betalingsproblema som dette skapte var opphavet til det siste verset i songen: «When you wake up it's a new morning/ The sun is shining, it's a new morning/ You're going, you're going home.» Dottera til Rafferty, Martha, har sagt at boka som inspirerte songen meir enn noko anna var Colin Wilson sin The Outsider. Rafferty las boka, som handla om framandgjering og kreativitet, medan han reiste mellom Glasgow og London.Soul Music, BBC Radio Four, 31. januar 2011
Arrangement Albumet City to City, inkludert «Baker Street», vart produsert av Rafferty og Hugh Murphy. I tillegg til ein gitarsolo spelt av Hugh Burns, har songen eit markant åtte taktar langt saksofonriff som vert spelt mellom versa av Raphael Ravenscroft.
Rafferty hevda han skreiv riffet og hadde opphavleg tenkt å synge melodilinja. Ravenscroft hevda på si side at han fekk songen presentert med «fleire gap». «Faktisk, det meste av det eg spelte var eit gammalt bluesriff,» sa Ravenscroft. «Om du spør meg: 'Gav Gerry meg eit musikkstykke eg skulle spele?' så nei, det gjorde han ikkje.»«Stuck in a battle with booze» www.scotsman.com 2 Aug 2008 På utgåva frå 2011 av City To City er det ein demoversjon av Baker Street med saksofondelen spelt på elektrisk gitar av Rafferty, noko som synte at det var Rafferty som skreiv linja. Ei særs lik saksofonlinje, som opphavleg vart spelt av saksofonisten Steve Marcus for songen «Half A Heart», er tilskriven vibrafonisten Gary Burton,Richie Unterberger, album Review: Tomorrow Never Knows, AllMusic på Marcus-albumet Tomorrow Never Knows frå 1968.
Ravenscroft, som var studiomusikar, var i studio for å spele ein kort sopransaksofon-del og foreslo at han kunne spele det kjende riffet på altsaksofonen han hadde liggande i bilen. Dette riffet, som vart kalla «the 'Baker Street' phenomenon», førte til auka sal av saksofonar og at instrumentet vart oftare brukt i popsongar og reklamesongar.
Medverkande Vokal – Gerry Rafferty Saksofon – Raphael Ravenscroft Sologitar – Hugh Burns Trommer – Henry Spinetti Bassgitar – Gary Taylor Klaverinstrument – Tommy Eyre Perkusjon – Glen Le Fleur Rytmegitar – Nigel Jenkins Strykearrangement – Graham Preskett
I andre media Songen vart omtalt av gitaristen Slash som ei inspirasjonskjelde til gitarsoloen hans i «Sweet Child o' Mine».
Songen er nytta i ein episode av The Simpsons.
Songen er nytta i videospelet Grand Theft Auto V, som ein del av Los Santos Rock Radio.
Songen vart nytta i filmen Good Will Hunting og var kjenningsmelodien til radioprogrammet The Dave Ramsey Show.
Coverversjonar Dance-gruppa Undercover spelte inn songen i 1992 for albumet Check Out the Groove. Denne versjonen nådde andreplassen på UK singles chart. Songen er òg blitt spelt av fleire andre band og artistar, som Ali Campbell, Foo Fighters, Waylon Jennings og London Symphony Orchestra.(spansk) El solo de saxo más famoso de la historia del pop | RPP NoticiasDen irske gruppa The Buachaills nådde 95. plassen på den irske singellista med sin versjon, der saksofonsoloen er erstatta av sekkepipe.
Foo Fighters spelte ein versjon av «Baker Street» og gav han ut i USA som B-side til singelen «My Hero» i 1998 frå albumet The Colour and the Shape.
Lister
Gerry Rafferty-versjonen ÅrListePlassering 1978 UK Singles Chart 3 1978 US Billboard Hot 100 2 1978 Australian ARIA Charts 1 1978 Tyskland 3 1990 UK Singles Chart (re-mix) 53 2011 UK Singles Chart 55 2011Tyskland 69 2011 Nederland 27 2011 Sveits 53
Undercover-versjonen ÅrListePlassering 1992 UK Singles Chart 2
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Baker Street (song)» frå , den 10. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
«Baker Street (Remix)» at Discogs
Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1992 Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Singlar frå 2011 Kategori:Gerry Rafferty-songar Kategori:Songar skrivne av Gerry Rafferty Kategori:Foo Fighters-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar om London