William Peter «Pete» Wingfield () er ein engelsk plateprodusent, klaverspelar, låtskrivar, songar og musikkjournalist.
Biografi
I 1969 spelte Wingfield klaverinstrument og song på Jellybread-albumet First Slice, som var produsert av Mike Vernon for selskapet Blue Horizon.
Som spesialist på soul i 1970-åra, skreiv Wingfield fleire faste spalter og meldingar i månadstidsskriftet Let It Rock, og det vekentlege Melody Maker. Som artist spelte han i det britiske soulbandet The Olympic Runners og Albert Lee & Hogan's Heroes.
I 1971 spelte Wingfield piano på B. B. King in London og året etter på Seventy-Second Brave, eit album av Keef Hartley Band. Wingfield spelte klaverinstrument på Bryn Haworth-albumet Let the Days Go By i 1974 og oppfølgjaren Sunny Side of the Street i 1975. I 1983 spelte Wingfield klaverinstrument på Haworth-albumet Pass It On.
Wingfield kom inn på singellistene på begge sider av Atlanteren i 1975 med «Eighteen With a Bullet», ein doo-wop-låt. Songen nådde 15. plassen i USABillboard 19 Sep 1998 The Branding of the Hot 100 Page. 34 og sjuandeplassen på UK Singles Chart. Songen vart gjeven ut på albumet Breakfast Special og vart sidan nytta i filmen Lock, Stock and Two Smoking Barrels.
Han spelte piano i bandet til Alan Parsons i Abbey Road Studios, med Pete Moss på bassgitar, for Dexys Midnight Runners og Paul McCartney.
I 1977 kom songen hans «Making a Good Thing Better» med på Olivia Newton-John-albumet med same namn. Mellom 1975 og 1981 spelte Wingfield klaverinstrument med The Hollies. I 1980 produserte han det første albumet til Dexys Midnight Runners, Searching for the Young Soul Rebels. I 1980-åra slo Wingfield seg saman med filmprodusenten Mel Brooks, og skreiv songane «It's Good To Be the King» og «To Be or Not to Be». I 1985 produserte han debutalbumet til Kane Gang, Bad and Lowdown World of the Kane Gang. Tre pr seinare produserte han The Proclaimers-hitten «I'm Gonna Be» og albumet deira Sunshine on Leith.
The Pasadenas-songaen «Tribute (Right On)» frå 1988, vart skriven av Wingfield.
Wingfield spelte med Van Morrison i 1974 på Montreux Jazz Festival, som kom ut på DVD i 2006. Fleie år seinare spelte Wingfield i bandet til Morrison på ein sommarturné i Europa. Frå 1983 spelte Wingfield òg i 18 år for The Everly Brothers.
Andre artistar han har spelt i studio med er The Housemartins, The Beautiful South, Van Morrison, Interview, Jimmy Witherspoon og Freddie King; og Paul McCartney på hans Run Devil Run.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pete Wingfield» frå , den 11. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske musikkjournalistar Kategori:Engelske songarar