Bob Richards, eigentleg Robert Eugene Richards () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Champaign i Illinois som tevla internasjonalt i stavhopp og tikamp. Han vart olympisk meister i stavhopp både i 1952 og 1956.

Aktiv Richards var ein av dei tre deltakarane som under sommar-OL 1948 i London tok seg over 4,20 meter. Hans landsmann, Guinn Smith, klarde også den neste høgda, 4,30 m, og vart olympiameister. Sjølv fekk Richards bronsemedaljen, ettersom Erkki Kataja frå Finland tok sølv då han hadde berre feilfrie forsøk før han rauk ut etter 4,20 m.

Fire år seinare, under OL 1952 i Helsingfors, vann Richards stavhopptevlinga med eit hopp på 4,55 meter, ny olympisk rekord. Landsmannen Donald Laz tok sølv på 4,50 m og Ragnar Lundberg fra Sverige bronse med 4,40 m.

Richards vann så sin andre olympiske tittel i stavhopp under sommarleikane 1956 i Melbourne. Vinnaresultatet, 4,56 m, vart ei forbetring av hans eigen olympiske rekord med ein centimeter. Hans landsmann Bob Gutowski tok sølv med 4,53 m, medan Georgios Roubanis frå Hellas fekk bronsen med 4,50 m. I Melbourne deltok Richards også i tikamptevlinga, der han kom på trettande plass med 7313 poeng, vel 800 poeng bak den suverene vinnaren Milt Campbell, også han ein av hans landsmenn.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bob Richards» frå , den 11. september 2014.

World Athletics

Kategori:Stavhopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956