Faste Svendsen () var ein norsk vekkingspredikant, fødd på Nordpå oppe i Aunegrenda i Holtålen, i stova som no er Trondhjem Turistforening si mest kjende vandrarheim.

I motsetnad til så mange andre av frendefolka til Mons Lie, er det ikkje eit papir att etter Faste Svendsen. Han berre tala. Kyrkjene fylte seg frå Oslo til Seattle. I 1886 stifta Svendsen Trøndelag Indremisjonskrets på eit lekmøte i Trondheim. Det var òg i denne byen han døydde.

Ein son, Peder Svendsen (1868-1933), var fråhaldspredikant, medan den yngre sonen Morten Svendsen (1878-1959) skipa Trondheim symfoniorkester i 1909 og leia det gjennom mange år.

Kategori:Norske vekkingspredikantar Kategori:Norske predikantar Kategori:Folk frå Holtålen