Robert Karl Grabarz () er ein britisk friidrettsutøvar frå Enfield som tevlar i høgdehopp. Han vart europameister i øvinga i 2012, same sesongen vann han bronsemedaljen under OL i London.
Aktiv Grabarz mislukkast i å kvalifisere seg til friidretts-VM 2011. Dette fekk han til å skjerpe treninga. Allereie i januar 2012 fekk han sitt internasjonale gjennombrott då han gjekk over 2,34 meter under eit innandørsstemne i Wuppertal. Hans gamle personlege rekord var på 2,28 m.
I juni 2012 vann Grabarz gullmedaljen i høgdehopp i friidretts-EM i Helsingfors ved å ta seg over 2,31 m. Han fylgde opp prestasjonen under dei olympiske leikane i London i byrjinga av august ved å vinne ein bronsemedalje, etter å ha klart 2,29 m i fyrste forsøk i finalen. Også Mutaz Barshim frå Qatar og Derek Drouin frå Canada fekk kvar sin bronsemedalje. Ivan Ukhov frå Russland vann OL-gullet med 2,38 m.
Etter sigrar i DL-stemna i Roma og Birmingham vann Grabarz høgdehopp-trofeet i Diamond League 2012. Den 23. august 2012 sette han personleg rekord med 2,37 meter under eit DL-stemne i Lausanne, ei tangering av den britiske rekorden som Steve Smith sette i 1992.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2012 i Helsingfors: Gullmedalje – 2,31 m, framom Raivydas Stanys (2,31 m) OL 2012 i London: Sølvmedalje – 2,29 m, jamsides Derek Droiun og Mutaz Essa Barshim VM 2013 i Moskva: Nr 8 – 2,29 m VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (2,26 m=nr 18) EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 2,29 m, bakom Gianmarco Tamberi (2,32 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 2,33 m VM 2017 i London: Nr 6 – 2,25 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robert Grabarz» frå , den 13. september 2014.
World Athletics
Kategori:Britiske høgdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016