Mervyn «Muff» Winwood () er ein engelsk låtskrivar og plateprodusent, og den eldre broren til Steve Winwood. Begge spelte tidlegare i Spencer Davis Group i 1960-åra, der Muff Winwood spelte bassgitar. Han produserte debutplata til Dire Straits, Dire Straits (1978).
Tidleg liv Faren, Lawrence, var ein støyperiarbeidar, og spelte òg tenorsaksofon i danseband og hadde ei samling med jazz- og bluesplater. Winwood gjekk på Cranbourne Road Primary School og Great Barr School, som var ein av dei første einingskulane. Han var korgut ved St John's Church og vart interessert i gitar, og så bass.
The Spencer Davis Group
Muff var med i originalbesetninga av the Spencer Davis Group, men vart beden av foreldra om å ta litlebroren med seg på konsertane for å halde han borte frå trøbbel. Gruppa starta å la den unge Stevie å få vere med på nokre få songar og oppdaga etterkvart at alle dei skrikande ungjentene føre scenen var der for Stevie.
Plateprodusent Då han slutta i Spencer Davis Group n 1967 vart Winwood A&R-mann for Island Records. Han var der fram til 1978, då han vart sjef for det britiske kontoret til CBS Records som seinare vart Sony Music fram til 1990-åra. Utanom Dire Straits, produserte Winwood hitalbumet Kimono My House (1974), og hitsinglane, «This Town Ain't Big Enough for Both of Us» og «Amateur Hour» for Sparks. Han produserte òg det andre alubmet deira, Propaganda i 1974 (med singelen «Never Turn Your Back on Mother Earth»). Som ein del av jobben som A&R signerte Winwood kontrakt med mellom andre Terence Trent D'Arby, Sade, Shakin' Stevens og The Psychedelic Furs.
Han har òg vore produsent for Marianne Faithfull, Nirvana, Sutherland Brothers («Sailing»), Traffic, Mott the Hoople, Love Affair, Kevin Ayers, Patto, Unicorn, After the Fire og The Noel Redding Band.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muff Winwood» frå , den 15. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Folk frå Birmingham Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:A&R-folk Kategori:Britiske rhythm and blues-musikarar