Arne Wold () var ein norsk teiknar og journalist frå Oslo.
Wold vart utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo i tida 1914-16. Deretter gjekk han i lære ved Chra. Clicháanstalt i to år. I 1922 hadde han eit kortare opphald ved kunstakademiet i Firenze i Italia.
Under signaturen AW hadde Wold frå 1919 til 1974 politiske kommentarteikningar i avisa Nationen. I perioden frå 1922 til 1961 var han kunstkritikar i den same avisa. Han illustrerte elles fleire bøker, julehefte og tidsskrift, mellom anna teikneserien og bygdekomedien Ola Nordigard som vart trykt i Nynorsk Vekeblad i 1941 med tekst av Erling Moen. Arne Wold deltok også på ei rad kollektivutstillingar, også i Tokyo i Japan og i Montreal i Canada.
Wolds illustrasjoar var utført med svart tusj og pensel i ein enkel, direkte og folkeleg stil.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arne Wold» frå , den 15. september 2014.
Norsk Allkunnebok X.
Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske journalistar