Edde er ein landsby som ligg 45 km nord for Beirut i Libanon. Han ligg 210 meter over havet og dekkjer eit område på 3,98 km². Edde er ein liten kristen maronittisk by med kring 700 innbyggjarar.

Etymologi Namnet Edde kjem frå den semittiske rota edd, som tyder «styrke».

Klima Edde har eit middelhavsklima med varme og nesten regnfrie somrar, ein behageleg haust og vår, og kjølige, regnfulle vintrar. August er den varmaste månaden, medan januar og februar er dei kaldaste.

Årsmiddelnedbøren er kring 900 millimeter, og nesten alt dette kjem om vinteren, hausten og våren. Mykje av regnet om hausten og våren kjem i løpet av få dagar i kraftige regnbyer. Om vinteren er regnet meir spreidd utover fleire dagar. Det er sjeldan med snø i Edde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Edde, Lebanon» frå , den 17. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Nord guvernement Kategori:Batroun distrikt