Jieh (eller Jiyé, Jiyeh, arabisk الجية) er ein kystby i Libanon med eit estimert folketal på 5000. Han ligg 23 km sør for Beirut i Chouf distrikt, 20 minuttar unna langs motorvegen mellom Beirut og Sidon. I fønikisk tid vart han kalla Porphyreon og var ei naturleg hamn, som framleis er i bruk i dag. Byen er òg kjend for den sju kilometer lange sandstranda, noko som er sjeldan å sjå på den klippete kysten til Libanon.

Den hebraiske profeten Jonah skal ha kome i land her, då han vart spytta ut av ein enorm fisk, slik det vart skildra i Gamletestamentet, og det vart bygd eit tempel som framleis står i dag. Mange invasjonsstyrkar passerte gjennom Porphyreon som egyptaren Tohomtmos, som sette soldatane sine i land her for å kjempe vidare mot nord. Aleksander den store tok seg ein kvil ved kysten her, etter åtaket på Tyr. St. Peter og apostelen Paulus vandra òg gjennom Jieh fleire gonger.

I moderne tid vart Jieh hardt råka av den libanesiske borgarkrigen som varte frå 1975 til 1990. Som ein kystby var han sårbar for mange raid frå PLO i området, i tillegg til den israelske invasjonen i 1980-åra. Jieh er bygd opp att, men det går seinare her enn i hovudstaden Beirut.

Arkeologi Byen har fleire arkeologiske ruinar, somme gravlagde under moderne bygningar, medan andre ventar på å bli grave fram. Ein har funne mosaikk som syner soga om profeten Jonah og fisken i Gamletestamentet i kyrkjer. Døme på desse er den store golvmosaikken frå bysantinsk tid, som var så store at ein trengde lastebilar for å frakte dei til eit museum.

Turisme Det store turistmålet i Jieh er den 7 km lange sandstranda. Han ligg nær Beirut og vatnet er reint nok til at ein kan symje her. Fleire privateigde feriestader ligg langs stranda, og tar i mot mange turistar. Ein del av stranda er berre for kvinner.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jieh» frå , den 17. september 2014. oppgav desse kjeldene: Jieh Of ficial website - www.jieh.gov.lb JiehOnline jieh official Facebook - https://www.facebook.com/pages/Jieh/204587569609638?ref=hl Pollution i Libanon USA Trade Online: Libanon Country Analysis Blank, S.J. (Ed), Middelhavet Security into the coming Millennium, 1999 St Charbel College Website (French) Electricite du Liban website North York Knights of Columbus Website for fundraising the rebuilding of churches where Jesus walked and preached Bamboo Bay Jieh, 360° Panoramic View Kazzi, Antoine Naji, 1988, Porphyreon: The path of history, Khalifh publishing, Beirut, Libanon Azzi, A., Jieh Through history Atallah Family Website Pictures of Byzantine church excavations, Dec 2004 Bamboo Bay Jieh, 360° Panoramic View

Kategori:Busetnader i Libanonfjella guvernement Kategori:Chouf distrikt Kategori:Turistmål i Libanon