mini|Kart over Vestbreidda (lyst område) Vestbreidda (arabisk الضفة الغربية aḍ-Ḍaffah l-Ġarbiyyah, hebraisk הגדה המערבית, HaGadah HaMa'aravit, òg hebraisk יהודה ושומרון Yehuda ve-Shomron (Judea og Samaria)Det israelske forsvaret, Ordinance No. 187, «Ordinance about Interpretation», 17. desember 1967, Major General Uzi Narkis, Commander of Central Distict and IDF Forces i Region of HaGada HaMa'aravit. Publisert på hebraiske og arabisk i Collection no. 9 of ordinances for the West Bank , 22. januar 1968, s. 368Dishon (1973) Dishon Record 1968 Published by Shiloah Institute (seinare Moshe Dayan Center for Midle Eastern and African Studies) ogJohn Wiley and Sons, ISBN 0-470-21611-5 p 441) eller Cisjordan er eit landområde nær middelhavskysten i Vest-Asia som utgjer størstedelen av Dei palestinske territoria. Vestbreidda deler grense (fastsett i våpenkvileavtalen i 1949 mellom Jordan og Israel) i vest, nord og sør med staten Israel, og i aust, på andre sida av Jordanelva, med Jordan. Vestbreidda har òg ei lengre kystlinje langs vestsida av Daudehavet. I følgje Den internasjonale straffedomstolen endrar ingen avtalar mellom Israel og dei palestinsk styresmaktene sidan 1993 på at desse territoria, inkludert Aust-Jerusalem, framleis er «okkupert territorium» med Israel som «den okkuperande makta».Saree Makdisi,Palestine Inside Out: An Everyday Occupation, W. W. Norton & Company, 2010 s.20.
Vestbreidda med Aust-Jerusalem dekkjer eit landområde på 5 640 km² og 220 km² vatn, den nordvestlege delen av Daudehavet. Det er estimert at folketalet er 2 676 740 (juli 2013). Meir enn 80 %, kring 2 100 000, er palestinske arabarar, og kring 500 000 er jødiske israelarar som bur på Vestbreidda, av desse kring 192 000 i Aust-Jerusalem, i israelske busetjingar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som ulovlege etter folkeretten, medan Israel hevdar å ha retten på si side.
Namn
Vestbreidda Namnet «Vestbreidda» er ei omsetjing av det arabiske uttrykket ad-Daffa al-gharbiya,Josva 22:7:'Til den eine halvparten av stammen til Manasse hadde Moses gjeve land i Basan, og av Josva hadde den andre halvparten fått land på vestsida av Jordan, saman med brørne sine. .'(הירדן ימה :hay-yardên yāmmāh) om området vest for Jordanelva som i 1948 vart okkupert og administrert av Jordan. Jordan hevda dei hadde annektert området i 1950.Eyal Benvenisti,The International Law of Occupation, Oxford University Press 2012 s.204 Namnet vart vald for å skilje vestbreidda av Jordanelva frå «Austbreidda» av elva.
Cisjordan Det nylatinske namnet Cisjordan eller Cis-Jordan (tyder «på denne sida av Jordanelva») er det vanlege namnet på området på romanske språk. Namnet Vestbreidda og omsetjingar av dette er det vanlege namnet på dette geopolitiske området på somme andre germanske språk, som til dømes engelsk.
Stundom vert «Cisjordan» nytta om heile området mellom Jordanelva og Middelhavet, særleg i historisk samanheng i Det britiske Palestinamandatet og tidlegare tider. Det analoge Transjordan (som tyder «på den andre sida av Jordanelva») har historisk vorte nytta om området som i dag omtrent utgjer staten Jordan, aust for Jordanelva. Historie
Frå 1517 til 1917 var området som no er Vestbreidda ein del av Det osmanske riket og provinsen Syria.
1900-talet
Under San Remo-konferansen i 1920 tildelte dei allierte stormaktene (Frankrike, Storbritannia, USA, etc.) området til Palestinamandatet (1920–47). Dei sameinte nasjonane (SN) laga ein delingsplan for Palestina i 1947. Planen tilrådde å dele Det britiske mandatet i ein jødisk stat, ein arabisk stat og ein internasjonalt styrt enklave i Jerusalem, og ein større region enn dagens Vestbreidda vart utpeikt til ein arabisk stat.
Etter den andre verdskrigen vedtok Dei sameinte nasjonane ein resolusjon (181) om det framtidige styret til Palestina, med mål om å oprette to statar innafor Palestinamandatet. Resolusjonen utpeikte området kalla «åslandet Samaria og Judea» (inkludert det som no er «Vestbreidda») som ein del av ein føreslått arabisk stat, men etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart dette området erobra av Transjordan (seinare kalla Jordan to år etter sjølvstende i 1946). «Vestbreidda» eller «Cisjordan» vart namnet på området vest for Jordanelva, medan «Austbreidda» eller «Transjordan» vart nytta om området aust for elva.
I våpenkvileavtalen i 1949 vart Vestbreidda erklært ein del av jordansk territorium og det vart teikna ei mellombels grense mellom Israel og Jordan. Jordan styrte over Vestbreidda frå 1948 til 1967, og annekterte området i 1950. Kravet til Jordan over området vart aldri formelt anerkjent av det internasjonale samfunnet, utanom av Storbritannia.Joseph Massad sa at medlemmar av Den arabiske ligaen de facto anerkjende området og at USA formelt hadde anerkjent annekteringa, utanom for Jerusalem. Sjå Joseph A. Massad, Colonial Effects: The Making of National Identity in Jordan (New York: Columbia University Press, 2001),ISBN 0-231-12323-X, s. 229. Dokument syner at USA de facto aksepterte annekteringa utan å formelt anerkjenne det. USA Department of State / Foreign relations of the USA, 1950. The Near East, South Asia, and Africa s. 921Det er ofte sagt at Pakistan anerkjende annekteringa, men det verkar å vere feil; sjå S. R. Silverburg, Pakistan and the West Bank: A research note, Middle Eastern Studies, 19:2 (1983) 261–263.
Ideen om ein sjølvstendig palestinsk stat vart ikkje teke opp av arabarane som budde der på den tida. Kong Abdullah av Jordan vart krona til konge av Jerusalem og gav dei palestinske arabarane på Vestbreidda og Aust-Jerusalem jordansk borgarskarp.Armstrong, Karen. Jerusalem: One City, Three Faiths. New York: Ballantine Books, 1996. s. 387.
I 1950-åra var det ein stor straum av palestinske flyktningar og vald i tillegg til israelske hemnåtak over «den grøne linja».
Israelsk okkupasjon
I juni 1967 vart Vestbreidda og Aust-Jerusalem erobra av Israel under seksdagarskrigen. Med unntak av Aust-Jerusalem og det tidlegare israelsk-jordanske ingemannslandet, vart ikkje Vestbreidda annektert av Israel, men har vore under israelske militær kontroll og vert omtalt som Judea- og Samaria-området av Israel. Sjølv om møtet til Den arabiske ligaen i 1974 i Rabat utpeikte Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) som «den einaste legitime representanten for palestinarane», gav ikkje Jordan offisielt opp kravet sitt på området før 1988, då dei braut alle administrative og rettslege band til Vestbreidda og etter kvart tok bort det jordanske borgarskapet til palestinarane på Vestbreidda.
Fram til 1974 kravde Jordan attende kontroll over Vestbreidda.Religious human rights in global perspective: legal perspectives av J. D. Van der Vyver, John Witte. s. 388. I 1988 annonserte kong Hussein i Jordan «full rettsleg og administrativ lausgjering frå Vestbreidda». Den 28. juli 1988 annonserte kong Hussein at dei ville stoppa eit utviklingsprosjekt på 1,3 milliardar USD for Vestbreidda. Dei neste dagane oppløyste han formelt Parlamentet, og Vestbreidda var ikkje lenger representert i lovgjevinga.Disengagement from Vestbreidda
Sidan Osloavtalen i 1993 har Den palestinske sjølvstyresmakta offisielt kontrollert eit geografisk usamanhengande område som utgjer kring 11 % av Vestbreidda (kalla Område A) som har vore utsett for israelske streiftog. Område B (kring 28%) er underlagt både israelsk militærkontroll og palestinsk sivil kontroll. Område C (kring 61 %) er under full israelsk kontroll. 164 nasjonar reknar Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som «okkupert palestinsk territorium», medan staten Israel insisterer at berre område som vart erobra i krig frå «ein etablert og anerkjend suverenitet» kan reknast som okkupert territorium. Okkupasjonen til Israel av dette territoriet er ikkje anerkjend av noko land. Etter delinga i 2007 mellom Fatah og Hamas, har områda i Vestbreidda under palestinsk kontroll vore styrt av berre dei palestinske sjølvstyresmaktene, medan Gazastripa har vore styrt av Hamas.
Rettsleg status mini| Frå 1517 til 1917 var Vestbreidda ein del av Det osmanske riket. Tyrkia, som var att etter Det osmanske riket, sa frå seg territorialkravet på Vestbreidda i 1923 med Lausannetraktaten og området som no vert kalla Vestbreidda vart ein del av Palestinamandatet. I mandatperioden hadde ikkje Storbritannia rett til suverenitet, som vart halde av folket under mandatet. I 1947 tilrådde Generalrådet til SN at området som vart Vestbreidda burde vere ein del av ein framtidig arabisk stat, men dei arabiske statane var i mot dette forslaget på den tida. I 1949 okkuperte Jordan Vestbreidda og annekterte det i 1950, men kravet deira vart aldri godkjent av det internasjonale samfunnet. I 1967 erobra Israel Vestbreidda frå Jordan i seksdagarskrigen. Resolusjon 242 av Tryggingsrådet til SN som følgde etter krigen, bad om tilbaketrekking frå territoria som var okkupert under krigen. Sidan 1979 har Tryggingsrådet til Dei sameinte nasjonane,Resolution 446, Resolution 465, Resolution 484, among others SNs generalforsamling, USA, EU,Occupied Palestine Territory - EU Den internasjonale straffedomstolen, og Den internasjonale Raude kross-komiteen refererer til Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som okkupert palestinsk territorium. Generalrådet sin resolusjon 58/292 (17. mai 2004) stadfesta at palestinarane har rett til suverenitet over området.
Både Den internasjonale straffedomstolen og Høgsteretten i Israel har kome fram til at statusen til Vestbreidda er militær okkupasjon. I 2004 konkluderte dei rådgjevande domspremissane til Den internasjonale straffedomstolen at:
Den utøvande greina av dei israelske styresmaktene, gjennom Utanriksdepartementet, har definert Vestbreidda som eit omstridt område, der statusen berre kan avgjerast gjennom forhandlingar. Departementet seier at okkuperte territorium er territorium erobra i krig frå ein etablert og anerkjend suveren stat, og at sidan Vestbreidda ikkje var ein lovmessig og anerkjend suverenitet under ein annan stat før seksdagarskrigen, og kan derfor ikkje reknast som okkupert territorium.
Kjennelsen til Den internasjonale straffedomstolen den 9. juli 2004 avgjorde at Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, er territorium halde av Israel under militær okkupasjon, uavhengig av statusen området hadde før den israelske okkupasjonen og den fjerde Geneve-konvensjonen gjeld de jure.Legal Consequences of the Construction of a Wall in the Occupied Palestine Territory , see paragraphs 90-101 and s.5 Det internasjonale samfunnet reknar Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) som territorium okkupert av Israel.Israel/Occupied Palestine Territories: The conflict in Gaza: A briefing on applicable law, investigations and accountability Amnesty International. 2009. Henta 23. februar 2015; Human Rights Council Special Session on the Occupied Palestine Territories Human Rights Watch, 6. juli 2006; Is Gaza 'occupied' territory? CNN, 6. januar 2009. Henta 23. februar 2015.
Folkeretten (Paragraf 49 i Den fjerde Geneve-konvensjonen) forbyr «overføring av folk frå ei okkuperande makt til okkuperte territorium», som gjer at den israelske regjeringa har eit ansvar om å ikkje busetje israelske borgarar på Vestbreidda.Independent law report commissioned by the BBC Board of Governors , BBC Governors' Archive, februar 2006 (s. 48–50)
Den 27. september 2013 har 134 (69,4%) av 193 medlemsland i Dei sameinte nasjonane anerkjent Staten PalestinaEvan Centanni, Map: Palestina Recognized by Two More Countries (134/193) Political Geografi Now, 2. november, 2013 innafor Dei palestinske territoria, som av Israel vert rekna som eit samanhengande territorium,'The West Bank and the Gaza Strip as a Single Territorial Unit,' Reut Institute.'Palestinian Territories,' European Forum for Democracy and Solidarity, 31. januar 2014 der Vestbreidda dannar kjernen i ein eventuell stat.'An awkward new government,' The Economist 7. juni 2014. mini|venstre|Jeriko på Vestbreidda