mini|Kart over Elam (farga raudt) og naboområda. Tilnærma utstrekking i bronsealderen.
Elam var eit oldtidsrike aust for Sumer og Akkad, i det som no er Khuzestan i Iran og tilstøytande område i naboprovinsar og sørlege Irak. Riket varte i rundt tre tusen år, frå ca. 2400 f.Kr. til det blei okkupert av Assyria i 646 f.Kr.. Hovudstaden heitte Susa, og ruinane av denne byen liger rundt 35 mil aust for Bagdad.
mini|Mann med løve. Elamittiske relieff. Namn Namnet «Elam» er avleidd frå bibelsk hebraisk, og svarer til sumerisk elam(a) og akkadisk elamtu. Elamittane kalla seg sjølve haltamti på elamittisk.
I Det gamle Testamentet er elamittane rekna som etterkomarar av Elam, sonen til Sem. Riket deira blei ofte kalla «Susiana» i klassisk litteratur, sjølv om Susiana var ein særskild del av riket.
Språk
mini|venstre|Kileskriftinskripsjon på gammalpersisk, babylonsk og elamittisk (heilt til høgre). Elamittisk er ikkje i slekt med dei semittiske, sumeriske eller indo-europeiske nabospråka. Det er anten rekna som eit isolert språk, eller det blir spekulert i om det er i slekt med dei dravidiske språka som no er utbreidde i Sør-India.
Dei eldste skriftlege døma på linear elamittisk er skrivne med eigne skriftsystem som var ein abugida, der kvart teikn som står for ein konsonant med ein innebygd vokallyd. Seinare gjekk elamittane over til å bruka akkadisk kileskrift. Det elamiske skriftsystemet vart dekryptert tidleg på 2020-talet og dei ca. 50 stutte tekstane som er kjende kan no tydast. Elamittisk døydde ut om lag år 100. Det finst att rundt 30 000 leirtavler med skrift etter elamittane.
Kultur mini|venstre|Spinnande kvinne med tenar. Ny-elamitiskk relieff funne i Susa. mini|Kvinne med fiskehale og slangar avbilda på ein stele reist av kong Untash Napirisha. Elam var eit rikt jordbruksområde som hadde kunstig vatning frå elvar som Karun. Området hadde også rik jakt og fiske og tilgang på råmaterial som tre, stein og metall. Elam gav samband mellom rika i Mesopotamia i vest og ulike stammefolk i aust. Nabofolka påverka kvarandre gjensidig, men førte også krig mot kvarandre. Den elamittiske stordomstida var den melommelamittiske perioden frå rundt 1500 til rundt 1100 f.Kr.
Lite er kjend om elamittisk religion. Dei var polyteistiske med ei viktig hovudgudinne kalla Kiririsha eller Pinikir, himmelguden Khumban eller Humban, verneguden Inshushinak, måneguden Napir, solguden Nahhunte og Jabru, herskar over underverda og far til alle gudane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elam» frå , og «Elam» frå den 19. september 2014.
F. Desset, K. Tabibzadeh, M. Kervran, G.P. Basello og G. Marchesi.The decipherment of linear elamite writing, Zeitschrift für Assyriologie, bind 112, nr 1, 2022, ss. 11–60. M. Salvini, ELAM iv. linear elamite, Encyclopaedia Iranica, 15. desember 1998.
Barstad, Hans M. «Elam» (9. september 2014), Store norske leksikon. Barstad, Hans M. «Elamittisk språk» (6. desember 2011), Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare land i Asia Kategori:Tidlegare land i Midtausten