Svetlana Vladimirovna Sjkolina () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i høgdehopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i Moskva i 2013, ein prestasjon som vart annullert i 2019. Personleg rekord er på 2,03 meter.
Aktiv portrett|mini|venstre|Svetlana Sjkolina under VM 2013 i Moskva
Sjkolina deltok i si fyrste store meisterskapstveling i Beijing under Sommar-OL 2008, der ho vart nummer 14 med 1,93 meter. Året etter kom ho på sjetteplassen i VM i friidrett 2009 i Berlin, etter å ha gått over 1,96 m.
I friidretts-EM 2010 i Barcelona vart ho ståande med 1,97 m og fjerdeplass, utan heilt å melde seg på i medaljekampen. Med same høgda enda ho som nummer fem ved friidretts-VM 2011 i Daegu.
Sjkolina nådde eit høgre nivå i 2012-sesongen. Under sommarleikane i London var ho ein av tre deltakarar som klarde å svinge seg over 2,03 m. Ettersom ho måtte ha tre forsøk på høgda, enda ho opp med bronsemedaljen, landskvinna Anna Tsjitsjerova gjekk også over 2,05 meter og vart olympisk meister.
I 2013 var det klart for verdsmeisterskap i Moskva. Her vart Skjolina åleine om å ta seg over 2,03 m, noko ho gjorde i fyrste forsøk, og tok gullmedaljen framom Brigetta Barrett frå USA som måtte ta til takke med sølv, slik ho hadde gjort i London-OL året før.
Doping Då dopingprøvene frå Sommar-OL 2012 var testa på ny, fann IOK at Sjkolina då hadde vore dopa. Alle resultata hennar frå 2012 til 2014 blei annullerte og ho mista medaljen frå Sommar-OL 2012 og VM-gullet 2013.
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Svetlana Shkolina» frå , den 22. september 2014.
World Athletics
Kategori:Russiske høgdehopparar Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Dopingsaker i friidrett