Kamid al lawz eller Kamid el-Loz er ein landsby i Beqaadalen i Libanon.
Det vart gjort store arkeologiske undersøkingar her av tyske arkeologar mellom 1963 og 1981. Arkeologane fann fleire bygningar og reiskapar frå yngre steinalder. Det kanskje viktigaste funnet var dokument skriven i kileskrift på leirtavler daterte til 1300-talet fvt. Landsbyen Kamed el-Loz ligg i dag over busetnader frå persisk, hellenistisk og romersk tid. Staden vart omtalt i Amarnabreva som Kumidi. Han brukte å vere bustaden til egyptiske embetsmenn som heldt auge med kongane i det sørlege Levanten for faraoen.
Sør for landsbyen ligg ein nekropolis eller gravstad frå denne tida. Like utafor Kamed-El-Loz ligg eit stort steinbrot frå omajadane. Her kan ein sjå graver skoren ut i steinane, i tillegg til arameisk inskripsjonar. Steinane frå brotet vart på 700-talet førte til Anjar av nestoriske kristne frå Irak.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kamed Al Lawz» frå , den 23. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Beqaadalen Kategori:Busetnader i Vest-Beqaa distrikt Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Byar i antikken Kategori:Stader i Amarnabreva