Aitaroun eller Aytaroun (arabisk عيترون) er ein landsby i Libanon som ligg i Bint-Jbeil distrikt. Han ligg like nord for grensa til Israel og 125 km frå Beirut.

Aitaroun er rekna som ein av dei største landsbyane i det sørlege Libanon med eit folketal estimert til kring 20 000 (2002).

Hovudnæringa i landsbyen er jordbruk. Det er fem skular i Aitaroun, to offentlege og tre private.

Under Libanonkrigen i 2006 blei byen råka av fleire flyåtak. 16. juli blei 12 sivile frå Akhrass-familien, mellomdei 7 kanadiske statsborgarar, drepne då huset deira blei øydelagd i israelske åtak.HRW, 2007, s. 98-100 18. juli blei 9 sivile frå Awada-familien drepne.HRW, 2007, s. 100-101 19. juli blei 6 sivile drepne og 8 såra i israelske åtak medan dei prøvde å flykta frå Aitaroun.HRW, 2007, s. 153-155 Landsbyen mista i alt 41 innbyggjarar i krigen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aitaroun» frå , den 24. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff http://www.ilo.org/public/english/standards/ipec/simpoc/lebanon/ra/tobacco.pdf

Aitaroun Aitaroun