Birger Stuevold-Hansen () var ein norsk jurist og politikar.

Faren var prost Ole Stuevold Hansen. Stuevold-Hansen blei høgsterettsadvokat og venstremann. Han var ordførar i Molde 1903–04 og stortingsrepresentant frå Møre 1913–1915.

Han blei utnemnd til statsråd i Provianteringsdepartementet 1917–1919 og i Handelsdepartementet 1919–1920 i regjeringa Knudsen II.Dessutan var han formann i Spitsbergenkullkomiteen i 1920, og i fleire andre offentlege utval.

Stuevold-Hansen døydde på toget frå Bergen til Oslo, der han vart gravlagt.

Kjelder

Fødsels- og dødsdato frå Samfunnsveven.no

Kategori:Norske provianteringsministrar Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Knudsen II Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Molde Kategori:Venstrepolitikarar i Møre og Romsdal Kategori:Norske advokatar Kategori:Folk frå Molde