Ein Bokek (hebraisk skrift עין בוקק) er eit hotell- og ferieområde på den israelske sida av Daudehavet, nær Neve Zohar. Han høyrer til Tamar regionale kommune.

Ved Ein Bokek ligg ruinane av Metzad Bokek, ei lita romersk festning som vakta over hovudvegen her, og ruinane av ein gammal, delvis rekonstruert parfyme- og medisinfabrikk. Bokek-elva, som området er kalla opp etter, renn gjennom ei kløft i området.http://www.einbokek.com/deadsea.htm

Zohar varmekjelder (hebraisk חמי זוהר, Hamei Zohar) ligg tre kilometer sør for Ein Bokek. Vatnet der er rikt på svovel og skal vere lækjande for muskelsmerter, leddsmerter og allergiar.

Den lågastliggande minibanken i verda ligg i Ein Bokek, 421 meter under havnivå.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ein Bokek» frå , den 29. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tamar regionale kommune Kategori:Feriestader i Israel Kategori:Daudehavet