HaBesor (hebraisk נחל הבשור, Nahal HaBesor) er ein wadi sør i Israel. Elva byrjar ved fjellet Boker (nær Sde Boker) og munnar ut i Middelhavet nær Deir al-Balah på Gazastripa, der ho vert kalla Wadi Gaza. Elva er den største i det nordlege Negev, og i lag med dei største sideelvane, Grar og Beersheba, når ho heilt til Sde Boker, Yeruham, Dimona og Arad/Tel Arad. Mykje av vatnet i Wadi Gaza vert nytta i Israel ved hjelp av dammar,Israel 'opens dams' flooding Gaza Strip near Deir al Balah . Ma'an News Agency, 13. desember 2013 og er den einaste større vasskjelda på GazastripaIntegrated Water Resources Management and Security i Midtausten, s. 109. Clive Lipchin; Springer, 2007 Wadi Gaza renn gjennom eit våtmarksområde, Gazadalen, som i 2012 vart nytta til å dumpe avfallsvatn.[arij.net/node/5905siege Gaza's Valley of Slow Death]. Muhammad Othman, ARIJ, 30. juli 2012

mini|venstre|Raud Anemone coronaria nær HaBesorelva. Typisk for regionen.

Historie I Gamletestamentet var Besor ei kløft eller ei elv heilt sørvest i Judea, der 200 av mennene til kong David vart verande att fordi dei var utmatta, medan 400 andre forfølgde amalekittane,

Geografi HaBesor strekkjer seg frå den israelske grensa ved Gazastripa til Urim kibbutz i sør. Sletta som elva renn over ligg 70-80 meter over havet.

Sideelvar frå sør til nord er HaRo'e Stream, Boker, Mesora, Zalzal, Revivim, Atadim, Beersheba, Grar, Assaf, Amar, Sahaf og Wadi Abu Katrun.

Sjå òg Ein HaBesor Turisme i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «HaBesor River» frå , den 30. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff offisiell nettstad of the Tell el-Farah excavations, Nahal Besor. Claremont Graduate universitet.

Kategori:Elvar i Bibelen Kategori:Elvar i Israel Kategori:Geografi i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Geografi på Gazastripa Kategori:Wadiar