Det sjuande jordskjelvet (hebraisk רעש שביעית), Ra'ash Shvi'it), òg kalla jordskjelvet i 749, var eit øydeleggjande jordskjelv som råka Palestina og det austlege Transjordan den 18. januar 749. Byane Tiberias, Beit She'an, Hippos og Pella vart i stor grad øydelagde,m edan andre byar i Levanten fekk store skadar. I tillegg kan jordskjelvet ha teke ti tusenvis av liv.
Skadar I følgje historiske kjelder vart Scythopolis (Beit She'an), Tiberias, Capernaum, Hippos (Sussita), Pella hardast råka. Ein koptisk prest frå Aleksandria rapporterte at berebjelkar hadde flytta seg i hus i Egypt og ein syrisk prest skreiv at ein landsby nær Tabor hadde «flytt seg 6 km.» Andre kjelder rapporterte om ein tsunami i Middelhavet, fleire dagar med etterskjelv i Damaskus, og byar som vart slukt av jorda. Dødstala i Jerusalem var tusenvis. Mange bygningar, som Al-Aqsa-moskéen, vart hardt skadd. Byen Umm el Kanatir og den gamle synagoga der vart øydelagd.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «749 Galilee earthquake» frå , den 2. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Margaliot Mordechai, «Determining the Time of Seventh jordskjelv», Israel Exploration Society 8, 1940/1941. Margaliot Mordechai, «A New Record of the Fasting jordskjelv», Tarbitz 29, 1959/1960, s. 339–344. Tsafrir Y. Ferster C, «On the Dating of the Seventh jordskjelv», Tarbitz 58, 1988/1989, s. 357–362. The Seventh jordskjelv – The Death of the City
Kategori:Jordskjelv på 700-talet 0749 Galilea Kategori:Israelsk geologi Kategori:749 i Asia