Avshalomgrotta (hebraisk מערת אבשלום), òg kalla Soreqgrotta eller Stalaktittgrotta (hebraisk מערת הנטיפים), er ei 5 000 m2 stor grotte på vestsida av Ye'ela, i Judeafjella i Israel, med mange stalaktittar.
Grotta vart oppdaga tilfeldig i mai 1968 medan ein nytta eksplosivar til å bryte stein, 3 km aust for Bet Shemesh i Israel. Grotta er 83 m lang, 60 m brei og 15 m høg.
Grotta er kalla opp etter Avshalom Shoham, ein israelsk soldat som mista livet i utmattingskrigen. Etter ho vart oppdaga vart plasseringa halden løynd i fleire år i frykt frå at ho skulle verte øydelagd.
Temperaturen og fukta i grotta er konstant året rundt og er i dag open for publikum i Avshalom naturreservat, som vart erklært i 1975. I 2012 vart det installert lys i grotta for å hindre danning og vekst av algar.
Somme av stalktittane i grotta er fire meter lange, og somme er så mykje som 300 000 år gamle. Somme møter stalagmittar og dannar steinsøyler.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Avshalom Cave» frå , den 2. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Gallery
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kalksteinsgrotter Kategori:Grotter i Israel Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Geografi i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Verneområde i Det sentrale distriktet i Israel