Qesemgrotta er ei grotte 12 km aust for Tel Aviv i Israel som var busett i eldre steinalder og tidlege menneske frå før 382 000 til kring 200 000 år sidan.

Grotta vart senter i ein kontroversiell episode då aviser i desember 2010 rapporterte at israelske og spanske arkeologar hadde funne dei tidlegaste spora av det moderne menneske, men det viste seg at journalistane hadde attgjeve den vitskaplege rapporten unøyaktig og det stod ingen stader i rapportane at det var snakk funn av homo sapiens.

Skildring mini|Utgravingar i Qesemgrotta i 2012. Grotta ligg i kalkstein i vestsida av fjella i Israel mellom Samariaåsane og Den israelske kystsletta.Gopher A, Barkai R, Shimelmitz R, Khalaily M, Lemorini C, Heshkovitz I, et al., (2005). Qesem Cave: An Amudian Site in Central Israel. Journal of The Israel Prehistoric Society, 35:69-92 Ho ligg 90 meter over havet.

Avleiringane på staden er 7,5 meter djupe og delt inn i to lag. Det øvre er 4,5 meter tjukt og det nedre 3 meter. I avsetjingane har ein funne steinreiskap og dyrerestar frå Acheuléen-Yabrud-komplekset. Dette er ein periode som kjem etter acheuléen, men før moustérienkulturen. Det er ikkje funne spor frå moustérienkulturen i grotta.

Grotta vart funnen i oktober 2000 då bygging av ein veg øydela taket av grotta. Dette førte til to redningsutgravingar i 2001. I dag er staden verna, tildekt og det vert framleis undersøkt.Qesem Cave Project Excavations

Nokre av dei eldste funna av kontrollert eld er funne på denne staden, med ein 300 000 år gammal eldplass sentralt i grotta.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qesem Cave» frå , den 3. oktober 2014.

Sjå òg Arkeologiske funn i Israel Zuttiyehgrotta

Bakgrunnsstoff Qesem Cave Project home page Qesem Cave Project publications

Kategori:Arkeologiske stader i Israel Kategori:Grotter i Israel Kategori:Førhistoriske stader i Israel Kategori:Eldre steinalder Kategori:Paleoantropologiske stader Kategori:Geografi i Det sentrale distriktet i Israel