Neve Ilan (hebraisk נְוֵה אִילָן) er ein moshav shitufi sentralt i Israel. Han ligg vest for Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 319. Han var tidlegare ein kibbutz, og er framleis eit medlem av Kibbutzrørsla trass i at statusen er endra til ein moshav.
Historie Kibbutz Landområdet som Neve Ilan ligg på vart kjøpt av Jewish National Fund frå arabisk effendi frå Abu Ghosh etter at David Ben-Gurion bad om å få oppretta ein «kibbutz hærstilling» for å forsvare Jerusalemvegen.
Dei første 31 innbyggjarane var hovudsakleg frå Frankrike og Europa. Etter ein kort periode i Hadera flytta dei til Neve Ilan i oktober 1946. Busetnaden vart først grunnlagd som ei militær stilling med bunkerar og ammunisjonslager, og innbyggjarane budde i telt, og seinare i to hytter.
Under kampane om vegen til Jerusalem, vart det sett opp ein generator og kantbelysning kring kibbutzen, for å kunne hevde at det låg ein jødisk busetnad der. I starten av den arabisk-israelske krigen i 1948 seint i mai 1948, bomba den jordanske legionen, som var basert i Yalo, Neve Ilan, og førte til store øydeleggingar.
Etter Operasjon Nachshon og kampane om vegen til Jerusalem var over, byrja nybyggjarane å byggje i Neve Ilan. Nybyggjarar frå Frankrike og Algerie slutta seg til dei første nybyggjarane.
I 1956 vart kibbutzen fråflytta, på grunn av økonomiske og sosiale problem.
Moshav Seint i 1960-åra sende Young Judeans i Amerika ei gruppe for å opprette ein industrilandsby i Israel. Medlemmane kom tidleg i 1970 og flytta inn heimar bygd av Jewish Agency, og landsbyen vart busett på ny som moshav i 1971.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Europeisk diaspora i Israel Kategori:Fransk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1946 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1971 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1946 i Palestina Kategori:1971 i Israel