Yad Hashmona (hebraisk יַד הַשְּׁמוֹנָה) er ein liten moshav shitufi sentralt i Israel, i Judeafjella nær Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune.
Historie Yad Hashmona vart grunnlagd i 1971 av ei gruppe finske kristne. Han er kalla opp etter åte jødiske flyktningar frå Austerrike som rømde frå Finland i 1938. Den finske regjeringa, som samarbeidde med nazistane, hadde gjeve flyktningane over til Gestapo i 1942. Sju av dei døydde i Auschwitz.The Name Yad Hashmona I 1978 slutta ei gruppe messianske jødar seg til moshaven. Dei fleste innbyggjarane er i dag israelarar og det vanlegaste språket er hebraisk. Via ekteskap med israelske jødar har moshaven vorte eit senter for messianske jødar i Israel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yad HaShmona» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Kristendom i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1971 Kategori:Messianske jødar Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1971 i Israel