Nof HaGalil (hebraisk , arabisk ), frå 1958 til 2019 Nazerat Illit (hebraisk נָצְרַת עִלִּית, «Øvre Nasaret»), er ein by i Det nordlege distriktet i Israel. Mot slutten av 2007 hadde han eit folketal på 40 800. Byen vart grunnlagd i 1957. Han var planlagd som ein jødisk by med utsyn over den arabiske byen Nasaret og Jezreeldalen.A City with Character , Jerusalem Post I dag er 23 % av innbyggjarane arabarar.

Historie mini|venstre|Jezreeldalen frå Nof HaGalil Planlegginga av Nof HaGalil starta tidleg i 1950-åra då utviklingsbyar som Karmiel og Beit She'an vart grunnlagd. Det var økonomi- og tryggleiksårsaker for å utvikle ein by i denne regionen.G. Forman: Military Rule, Political Manipulation, and Jewish Settlement: Israeli Mechanisms for Controlling Nazareth in the 1950s, The Journal of Israeli History, Vol. 25, No. 2 (2006) 335-359.

Det vart ekspropriert ein parsell på kring 1,2 kvadratkilometer med land, kring halvparten innanfor kommunegrensa til Nasaret, i 1954, basert på ei lov som gav løyve til eksproprieringar for offentlege føremål. Protestar mot denne handlinga gjekk heilt til høgsteretten i Israel, som i 1955 aksepterte orda til staten om at dei berre skulle reise statlege anlegg på landområdet. Det var då likevel avgjort at berre 109 dekar skulle setjast av til offentlege bygg, og resten skulle nyttast til bustadområde. Dei første husa var ferdige i september 1956, og dei første innbyggjarane flytta inn seinare det året.Forman, s. 349.

Demografi mini|venstre|Nof HaGalil rådhus Ifølgje SSB bestod folkesetnaden i 2001 av 91,0 % jødar og andre ikkje-arabarar og 9,0 % arabarar (2,3 % muslimar og 6,7 % kristne). I 1990-åra var Nazerat Illit den byen i landet som utvikla seg raskast, med ein vekstrate på nesten 70 %. Nykomarar omfatta mellom andre emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen og Sør-Amerika, i tillegg til nokre unge par. I 2012 utgjorde arabarane 17 % av dei 40 000 innbyggjarane i byen.Our Canadian friend , The Jerusalem Post

Økonomi mini|venstre|Strauss-Elite-fabrikken i Nof HaGalil Sjokoladefabrikken til Strauss-Elite tilset meir enn 600 arbeidarar.Nazeret Illit

Forbod mot juletre I 2010 nekta borgarmeisteren Shimon Gapso å la dei kristne arabarane å setje opp juletre på byplassane i dei arabiske og muslimske bydelane, og sa at det var «provoserande», og at Nazerat Illit var ein jødisk by. Arabarane svarte at jødar, kristne og muslimar levde der i fred, og at føremålet med å pynte eit tre var å spreie glede. Borgarmeisteren vart skulda for rasisme. Han fortalte ei lokal arabisk avis at om han hadde vore til stades under kampane mellom israelarar og arabarar der i 2000, så hadde fleire arabarar vorte drepne.Christmas trees 'provocative:' Nasaret suburb's mayor, AFP, Dec 22, 2010Christmas Trees Are Still Banned in Nasaret Illit , Rebecca Greenfield, The Atlantic Wire, Dec 20, 2011

Idrett Hapoel Nazerat Illit er det største fotballaget i Nof HaGalil. Dei rykte opp til den øvste divisjonen i 2003, men rykte ned att i 2006 til Liga Leumit, det nest øvste nivået, der dei spelar i dag.Om Nazeret Illit Det andre fotballaget i byen, F.C. Nazerat Illit, spelar i Liga Gimel.

Basketball-laget i byen er Hapoel Nazerat Illit og spelar på det fjerde nivået i seriesystemet i Israel.

Venskapsbyar Nof HaGalil er venskapsby med: San Miguel de Tucumán i Argentina Leverkusen i Tyskland Klagenfurt i Austerrike Győr i Ungarn Detroit i USA Tsjernivtsi i Ukraina Saint-Étienne i Frankrike Alba Iulia i Romania Kikinda i Serbia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nazareth Illit» frå , den 16. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Israel Kategori:Utviklingsbyar Kategori:Nasaret Kategori:Busetnader grunnlagde i 1954 Kategori:1954 i Israel Kategori:Byar i Det nordlege distriktet i Israel