Yokneam Illit (hebraisk יָקְנְעָם עילית, òg Yoqne'am Illit og Jokneam Illit) er ein by i eit åslendt område av Nedre Galilea ved foten av Karmelberget med utsyn over Jezreeldalen, 21 km frå Haifa og 80 km frå Tel Aviv. Yokneam er eit senter for høgteknologi i Israel med over 100 høgteknologiselskap.

Yokneam Illit vart grunnlagd i 1950 og vart ein lokal kommune i 1967. Bystatus fekk han i 2007. Byen ligg ved to av dei store hovudvegane i landet – hovudveg 70 og hovudveg 6 – med rask tilkomst til det sentrale, nordlege og sørlege Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, hadde Yokneam Ill eit folketal på 19 524 innbyggjarar på slutten av 2011.

Historie Yokneam finst i lista av 119 byar som den egyptiske faraoen Thutmose III erobra etter sigeren i slaget ved Megiddo i 1468fvt. Yokneam er nemnt i Bibelen som ein levittisk by der Sebulon-stamma budde (Josva 12:1, 12:22, 19:10-11, 21:34). Han ligg nær Megiddo (Armageddon). Lrossfararane kalla Yokneam «Cain Mons» eller «Kainfjellet» for å halde på tradisjonen om at Kain, som av Adam (1. Mos 4: 23-24), vart drepen på denne staden. Yokneam var busett gjennom persisk hellenistisk, romersk/bysantinsk, arabisk, i krossfarartida, under mamelukkane og i osmansk tid.

Ved Yokneam låg ein palestinsk landsby kalla Qira, som vart avfolka i samband med den arabisk–israelske krigen i 1948.

mini|venstre|Yokneam Maabara (1952) Yokneam Moshava vart grunnlagd i 1935. I juli 1950 vart det sett opp ein teltleir (Maabara) for å ta i mot 250 nye immigrantfamiliar og han var ein del av Yokneam Moshava fram til 1967. I starten av 1952 vart 400 familiar til plasserte i teltleiren. Fram til slutten av 1951, flytta 285 av familiane frå teltleiren og inn i permanente hus på ein ås oppom Yokneam Moshava.

I 1964 hadde Yokneam 4 300 innbyggjarar og i 1967 vart Yokneam delt inn i to lokale kommunar (Yokneam og Yokneam Illit).

Venskapsbyar Yokneam Illit er venskapsby med:

Atlanta i Georgia i USA La Garenne-Colombes i Frankrike Lugo i Italia Mianyang i Sichuan provins i Kina Montauban i Frankrike Požega i Kroatia San Pedro de Atacama i El Loa provins i Chile St. Louis i Missouri i USA Wiehl i Tyskland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yokneam» frå , den 17. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff Partnership 2000 Yokneam-Megiddo Offisiell nettstad

Kategori:Byar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Utviklingsbyar Kategori:Arkeologiske stader i Israel Kategori:Stader i antikken i Israel Kategori:Bronsealderstader i Israel Kategori:Jernalderstader i Israel Kategori:Byar i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel