MS «Haugesund», i dag «Millenium Star», er ein hydrofoilbåt levert frå Westermoen Hydrofoil i Mandal i november 1973 til Haugesund Dampskibsselskab.

I mai 1980 vart båten innkjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og omdøypt «Tjelden»

Båten vart seld til Rederi AB Göta Lejon (Rederi AB Bohus Line) på Nuku’alofa på Tonga i oktober 1989 og fekk namnet «Lulu Tahi». I 1992 vart han seld til Sealark Shipping Pty. Ltd. på Lae i PNG og vart då omdøypt «Sealark», før han i 1999 vart seld vidare til David & John Whiteley i Sydney i Australia, som gav han namnet «Millenium Star».

I 2011 var båten framleis i fart.

Kjelder Skipet.no

Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Agder Kategori:HDS-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1973 Kategori:Skip bygde ved Westermoen Hydrofoil Kategori:1973 i Noreg