«So Far Away» er ein rockesong frå 1985 av Dire Straits. Han vart gjeven ut på albumet Brothers in Arms. Han vart den fjerde hitten til bandet på topp 20 i USA, med ein 19. plass. Den originale studioversjonen av songen finst på samleplata The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations frå 2005.

Singel

«So Far Away» var den første singelen frå Brothers in Arms i Europa og kom ut den 8. april 1985. Songen nådde 20. plass i Storbritannia, fjerdeplassen i Storbritannia, sjetteplassen i Sveits, sjuandeplassen i Sverige og 33. plassen i Italia. Singelen vart òg gjeven ut i Australia, og nådde der 22. plass.

Etter songen klatra til 29. plass på Billboard Hot Mainstream Rock Tracks i 1985, vart «So Far Away» gjeven ut seinare det året som den tredje singelen frå albumet i Nord-Amerika, og ndåde tredjeplassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista og 19. plass på Billboard Hot 100.

B-side

Den europeiske utgåva frå 1985 hadde eit anna spor frå Brothers in Arms som B-side, «Walk of Life».http://www.discogs.com/Dire-Straits-So-Far-Away/master/23911 Denne songen vart sidan gjeven ut som den fjerde offisielle singelen frå albumet Europa (den andre i Nord-Amerika) seint i 1985 og nådde sjuandeplassen på Hot 100 og andreplassen i Storbritannia, den høgaste plasseringa dei nådde i heimlandet. 7"-versjonen av «So Far Away» var ei forkorta utgåve, medan 12" var den fulle versjonen frå CD-utgåva. Han vert stundom feilaktig kalla ein "extended mix".

I USA var B-sida for singelen «If I Had You», frå Dire Straits-EPen ExtendedancEPlay frå 1983.http://www.discogs.com/Dire-Straits-So-Far-Away/release/1718679 I Canada vart ein avgrensa dobbel vinylutgåve med den fulle versjonen «So Far Away» gjeve ut i lag med konsertopptak av «Going Home» og «Sultans of Swing», instrumentaldelen av «Why Worry» og eit Mark Knopfler solospor, «Fear and Hatred».http://www.discogs.com/Dire-Straits-So-Far-Away/release/919049

Konsertversjon

Ein av songane på Mark Knopfler-albumet Real Live Roadrunning frå 2006 er ein duettversjon av «So Far Away» med den amerikanske countrysongaren Emmylou Harris.

Lister Liste (1985)PlasseringAustralia Kent Music Report22Canadian RPM Singles Chart 24Dutch Top 40 23Irish Singles Chart 14Italian Singles Chart 33New Zealand 25Noreg 4Sverige 7Swiss Music Charts 6South African top 20http://rock.co.za/files/springbok_top_20_(D).html Henta 1 April 20145UK Singles Chart 20US Billboard Hot 100 19US Hot Adult Contemporary 3US Top Rock Tracks 29

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «So Far Away (Dire Straits song)» frå , den 22. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler