mini|Gravstelen til Philoxenos og Philoumene, eit gresk par frå Aten rundt 400 f.Kr.)
Grekarar (gresk , ) er ei folkegruppe frå Hellas, Kypros, kringliggjande område og utvandra grupper over heile verda. Grekarar har hatt stor innverknad på vestleg kultur gjennom filosofi, kultur, mytologi og teologi frå antikken og mellomalderen.
I oldtida viste namnet til ein gresk eller hellensk stamme i Vest-Hellas. Romarane og andre italiske folk nytta seinare nemninga om hellenarane generelt, og gjennom latinen er «grekarar» også i moderne språk blitt den vanlege nemninga på innbyggjarane i Hellas og etterkomarane deira.
Grekarar har historisk danna koloniar og greske samfunn i alle middelhavslanda, men har hatt hovudkonsetrasjonen sin ved Egearhavet og Det joniske havet. Her har ein tala gresk sidan bronsealderen.
Fram til byrjinga av 1900-talet budde grekarar spreidd overalt frå den greske halvøya til vestkysten av Anatolia, Pontus ved Svartehavet, Konstantinopel, Egypt, Kypros og Sør-Italia. Mange av desse områda var del av Austromarriket på 1000-talet, medan andre var grunnlagde som tidlegare greske koloniar.
Som følgje av Den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 fann det stad ei omfattande utveksling av innbyggjarar mellom Hellas og Tyrkia. Dei fleste grekarane frå Det osmanske riket/Tyrkia måtte no bu i det som no er staten Hellas eller på Kypros.
Utanom Hellas og Republikken Kypros bur det no større grupper grekarar i USA, Storbritannia, Tyskland, Australia, Canada og Albania.
Dei fleste grekarar er kristne tilknytte den gresk-ortodokse kyrkja.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Greeks» frå , den 26. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
«Grekere» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff World Council of Hellenes Abroad (SAE)
Kategori:Europeiske folkegrupper Kategori:Folk i antikken Kategori:Hellas Kategori:Kypros