Rognosa d'Etiache er ein 3 382 meter over havet høg fjelltopp i Kottialpane i provinsen Torino i Italia, kloss ved grensa til departementet Savoie i Frankrike.
Fjellet har ei lang toppegg med tre tindar som strekker seg i retninga nordaust-sørvest. Nordausttoppen er 3 376 moh. på grensa mellom dei to landa, med sørvesttoppen, 3 382 moh. og Torre Maria Celeste (3 342 moh.) inne på italiensk territorium.
Augusto Sibille var fyrstemann til topps, det hende i 1875.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rognosa d'Etache» frå , den 28. oktober 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Fjell i Italia