MS «Unika», seinare MS «Bremnes», og i dag «Dory» er eit fraktefartøy levert frå Maritime Sveiseindustri i Gjerdsvika i juni 1976 til P/R Unik i Bergen.
Båten vart forlenga i 1979 til 46 meter og kunne då ta ei last på 700 tonn. Båten gjekk i rute for Fylkesbaatane.
I november 1994 vart skipet kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD), som gav det namnet MS «Bremnes». Skipet gjekk i nattruta mellom Sandnes og Bergen.
I mars 1999 vart skipet seld til Linito AS i Bergen, så til Siddis Shipping i mars 2000, som gav han attende det gamle namnet «Unika». Skipet fortsette i den same nattruta fram til det 4. mai 2004 vart båten seld til New Zealand, der han fekk namnet «Dory». Året etter vart han seld vidare til Cookøyane, og to år seinare, den 9. januar 2007, vart han selt til SNC Agnieray & Cie. i Fransk Polynesia. Her fekk han først namnet «Dory 3», og så igjen «Dory». I 2011 var båten framleis i fart.
Kjelder Skipet.no «Hordaland» på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff «Fjærlandsfjord» på marinetraffic.com
Kategori:Norske fraktefartøy Kategori:Båtar frå Møre og Romsdal Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1976 Kategori:Skip bygde ved Maritime Sveiseindustri Kategori:1976 i Noreg