Just Johan Bing Broch () var ein norsk ingeniør, politikar og forfattar, fødd i Kristiania. Han representerte Venstre på Stortinget frå 1898 til 1903.

Liv og virke Broch var son til ein offiser. Etter eksamen frå Nissens skole i Kristiania i 1871 utdanna han seg 1871-74 i tekniske fag i Örebro i Sverige og 1879-80 i Dresden i Tyskland. Frå 1874 til -79 arbeidde han ved jarnbaneanlegga i Noreg. Etter studiane i Dresden var han perioden 1883-91 tilsett i kanalvesenet. Deretter tok han tre nye år, 1891-94, ved jarnbaneanlegga. Han vart tilsett som seksjonsingeniør ved Noregs Statsbaner på Hamar i 1894, ei stilling han hadde til han i 1913 vart sjef for NSB Stavanger distrikt. Per 1. januar 1922 var Broch framleis distriktssjef i Stavanger.

Broch var varamann til Stortinget 1898-1900 for valkrinsen Hamar, Lillehammer og Gjøvik. Han møtte allereie frå 18. februar 1898, då den valde representanten, Johannes Steen, dagen før vart utnemnd til statsminister i Noreg. Broch var medlem av jarnbanekomiteen, og i 1900 sekretær i komiteen som arbeidde med plasseringa av Norges Tekniske Høgskole. Perioden 1900-03 var Broch vald til å representere same krinsen på Stortinget. Heile valbolken var han med i jarnbanekomiteen, formann 1902-03. Elles var han medlem av Lagtinget. Han var med i deputasjonen som Stortinget sende til opninga av Ofotbanen i 1903. Broch var med i bystyret på Hamar frå 1898 til han flytta, ordførar i 1911.

Bibliografi Broch skreiv fleire bøker om norsk jernbanehistorie.

Den gang man gikk til anlegg av Norges første jernbane (1930) Av Bergensbanens historie I Bergen-Voss Av Bergensbanens historie II Over fjellet, helt frem (1933) Av Bergensbanens historie III Anlegg og drift (1934) Av Norges statsbanes historie I Norges første statsbaner (1935) Av Norges statsbanes historie II Anleggene gjennom syttiårenes lys inn i åttiårenes mørke (1936) Av Norges statsbanes historie III Anleggenes renessanse (1937) Av Norges statsbanes historie IV Ofotbanens anlegg og byen som det skapte (1937) Av Norges statsbanes historie V Jernbaneplanen av 1908 Dovrebanen (1938)

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Hamar Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Folk frå Oslo