Statsbankerotten er den vanlegaste og folkelege nemninga på pengereforma som vart innført i Danmark-Noreg i 1813 etter den alvorlige penge- og finanspolitiske situasjonen landet var kome i som følgje av den kostbare deltakinga si i Napoleonskrigane, særleg i Kanonbåtkrigen frå 1807. Finansieringa av krigshandlingane hadde medført ein kraftig inflasjon som særleg ramma landet etter 1810.STATSBANKEROTTEN 1813. Aarhus Universitet. Henta 26. november 2016Statsbankerotten 1813. historiefaget.dk. Henta 26. november 2016 Inflasjonen hadde særleg konsekvensar for lønnstakarar, som fekk drastiske fall i reallønna si, medan landbruksyrke i stor grad var sjølvforsynande., Bjørn (2003),s. 114
Dei enorme utgiftene i samband med Napoleonskrigane leidde til at staten frå 1807 trykte opp store tal pengesetlar, noko som førte til ein inflasjon ein ikkje klarte å kontrollere. Mynteininga riksdalar vart gjeven ut av den statseigde kurantbanken. I 1813 vart situasjonen så utoleleg at ein måtte gjera noko nytt for å reise att tilliten til pengane.
Staten oppretta ein ny bank, Rigsbanken (frå 1818 Nationalbanken). Rigsbanken utstedte ein ny valuta, riksbankdalaren, som over ei årrekkje skulle erstatte kurantdalaren.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Statsbankerotten (1813)» frå , den 12. november 2014, revisjon 12137238
Kategori:Skandinavisk historie Kategori:Historisk valuta Kategori:Historisk mynt Kategori:1813