Dôme de Chasseforêt er ein 3 586 meter over havet høg fjelltopp i Graji-Alpane i departementet Savoie, søraust i Frankrike. Fjelltoppen, som høyrer til Vanoise-massivet, er for ein stor del omgjeven av ein isbre. Dôme de Chasseforêt ligg i Vanoise nasjonalpark.

Den 1. september 1876 la Charles Maingot, Pierre og André Puissieux ut frå landsbyen Termignon og vart dei fyrste menneske på toppen av fjellet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dôme de Chasseforêt» frå , den 15. november 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike