«Brothers in Arms» er ein song frå 1985 av Dire Straits som avsluttar albumet med same namn. Songen er i giss-moll. Songen vart gjeve ut på ny i 2007 i ei spesialutgåve til minne om 25-årsjubileet for Falklandskrigen, som songen opphavleg var basert på.
Historie Det finst to studioversjonar av songen: Albumversjonen er 6:55 minuttar lang og den kortare versjonen er 6:05 minuttar lang med ein noko annleis (og kortare) solo i byrjinga og slutten av songen. Versjonen som finst på samleplata The Very Best of Dire Straits er 4:55. Versjonen på konsertalbumet On the Night har ein ekstra pedal steelgitarsolo og er 8:55 lang. Den fulle studioversjonen finst òg på samleplata The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.
Mark Knopfler spelar varnlegvis songen på ein Gibson Les Paul-gitar, i staden for den vanlege Schecter «Stratocaster»-gitaren hans, og han spelar på ein Les Paul-gitar i musikkvideoen, som består av kolteikningar og scener av bandet som spelar og scener frå krig. Under turneen i 1992 spelte Knopfler på ein Pensa-Suhr MK1 for denne og dei fleste andre songane.
Songen skal ha vore den første som vart gjeven ut på CD-singel,keithhirsch.com og vart gjeven ut i Storbritannia i 1985.
Innhald 7" singel
Brothers In Arms - 6:04 Going Home (Theme of the Local Hero) (Live) - 4:45
Lister Liste (1985/88)PlasseringUK Singles Chart16Irish Singles Chart10Nederlandsk Top 4059dutchcharts.nlAustralian Singles Chart57New Zealand5
I popkulturen Han vart nytta som kjenningsmelodi til Civvies, ein britisk fjernsynsserie frå 1992.Series info at IMDb Songen vart nytta i ein episode av The West Wing, «Two Cathedrals». Songen vart nytta i ein episode av Due South, «I Coulda Been a Defendant».
Andre versjonar Gregorian spelte songen for albumet Masters of Chant, Chapter 1-3 Visesongaren Joan Baez spelte songen i 1987 på albumet Recently Det serbiske rockebandet Galija spelte songen, med tekst på serbisk, kalla «Kad me pogledaš» i 1989 på albumet Korak do slobode Metallica spelte songen på ein Bridge School Benefit-konsert. Det finske symfoniske powermetal-bandet Northern Kings spelte songen i 2007 på albumet Reborn Ryan Kelly spelte songen i 2007 på Celtic Thunder Det finske acappella-bandet Club for Five song songen i 2009 på albumet You're the Voice Nina Persson og Georg Wadenius spelte ein versjon på Wadenius-albumet Reconnection i 2009 Alex Cornish spelte songen på The Dermot O'Leary Show på BBC Radio 2 i mai 2010 og denne vart sidan gjeven ut på Dermot O'Leary Saturday Sessionshttp://www.themusicfix.co.uk/content/review/11816/dermot-oleary til i dags-the-saturday-sessions.html
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brothers in Arms (song)» frå , den 20. november 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Rockeballadar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Antikrigssongar Kategori:Joan Baez-songar