Letaldose 50 eller LD50 er den dosen av toksin, stråling eller patogen som trengst for å drepe halvparten av individa i ein populasjon over ei bestemd tid. Dosen er uttrykt i milligram, gram eller milliliter per kg kroppsvekt. LD50 vert nytta som ein generell indikator for den akutte forgiftinga til eit stoff. Omgrepet semiletal dose er stundom nytta, men kan òg visa til ein subletal (ikkje-dødeleg) dose; bruken er frårådd som følgje av dette. Ein plar å finne LD50 gjennom forsøk på dyr og laboratoriemus. I 2011 godkjente Food and Drug Administration bruken av alternative metodar for å finne LD50 ved BOTOX-forsøk i dyr. I desember 2002 vedtok OECD å slette LD50-metoden, og forsøk som nyttar metoden vart ikkje lenger innvilga etter desember 2003. I Noreg må ein senda særskilt søknad til Forsøksdyrutvalet for å gjere LD50-forsøk på dyr. Testen vart laga av J. W. Trevan i 1927.

Variantar LD50 — «letaldose i 50% av dei eksponerte» LC50 — «letal konsentrasjon, 50%» LCt50 — «letal konsentrasjon og tid, 50%»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Median Lethal dose» frå , den 24. november 2014.

Kategori:Toksikologi