thumb|Ei prostatakreftcelle sprengjer ut i ein kaskade av apoptotiske lekamar. Bileta er tekne over 61 timar med kvantitativ fasekontrastmikroskopi. Den optiske tjukkleiken er fargekoda. Aukande tjukkleik frå grå til gul, raud, lilla og så svart.|alt= Apoptose (av gamalgresk ἀπό apo, «vekk frå» og πτῶσις ptōsis, «falle») er ein form for programmert celledød hjå fleircella organismar som fører til karakteristiske celleendringar (morfologi) og celledød. Dette inneber cellekrymping, vesikkeldannelse, kjernefragmentering, kromatinkondensering og kromosomal, apoptotisk DNA-fragmentering. Apoptose må ikkje forvekslast med nekrose, som er ein form for traumatisk celledød som følgje av akutt celleskade.

Apoptose er vanlegvis formålstenleg for organismens livssykel. Kløyving av fingrar og tær går føre seg i embryo som følgje av apoptose i mellomliggjande celler. Apoptose produserer apoptotiske lekamar som fagocyttar (særleg makrofagar) kan kringsetje, nøytralisere og ete opp før celleinnhaldet får tid til å renne ut i nærliggande vev og påføre skade. Hjå eit gjennomsnittleg menneske døyr om lag 50 til 70 milliardar celler kvar dag som følgje av apoptose. For eit barn i alderen 8-14 år døyr om lag 20 til 30 milliardar celler dagleg.

Forsking på apoptose har kome langt sidan 1990-åra. Det er eit viktig biologisk fenomen, og forsking har opna for ei betre forståing av samspelet mellom apoptotiske prosessar og sjukdom. Overflødig apoptose fører til atrofi, medan underskot fører til ukontrollert celleproliferasjon og potensielt kreft.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Apoptosis» frå , den 25. november 2014, men har norske kjelder.

Bakgrunnsstoff

Skilnad på apoptose og nekrose PDF Ei jamnføring mellom apoptose og nekrose, NTNU Store Medisinske Leksikon om «apoptose» Kort innføring Bioteknologisenteret i Oslo: «Vi forsker på: Celledød/Apoptose» Norsk forsking på apoptose og celledød ved Universitetet i Oslo

Kategori:Cellesignalisering Kategori:Død Kategori:Immunologi Kategori:Programmert celledød Kategori:Apoptose Kategori:Cellealdring