Måsefamilien, Laridae, er ein biologisk familie av måsar, terner og saksenebbar som tilhører ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Artane i familien førekjem over heile verda, men i liten grad ved Antarktis. Mange artar i familien er kystfuglar, men nokre artar lever i innlandet, i elvar, innsjøar og på våtmarker, men somme er òg periodevis knytt til menneske. Dei to måsane i slekta Rissa, krykkje og raudfotkrykkje, samt sabinemåse kan treffast på opent hav.

Artane i denne familien har symjehud på føtene og nebbet manglar cere, vokshud på overnebbet. Nasebora er på eller over midten av nebbet. Horndekket på nebbet er ikkje delt slik som hos stormfuglar. I absolutt eit fleirtal av artane er kjønna like. Fjørdrakta hos dei fleste artene av terner og måsar er vanlegvis hovudsakleg kvit og grå med innslag av svart, men somme har mørke fjørdrakter. Sommardrakter vil ofte avvike frå vinterdrakta. Ungfuglar har varierande grad av spraglete brun og grå fjørdrakt.

Oversyn over slekter mini|høgre|Ørkenmåse, Leucophaeus modestus mini|høgre|Dvergterne, Sternula albifrons mini|høgre|Langnebbterne, Thalasseus elegans mini|høgre|Inkaterne, Larosterna inca mini|høgre|Kaliforniasvartbak, Larus occidentalis Måsefamilien (Laridae), underfamiliar og slekter i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.

Anoinae, noddyar Slekt Anous, fem tropiske noddyar, verdsomspennande distribusjon

Gyginae, silketerne Slekt Gygis, silketerne, Gygis alba, lita, kvit terne med utbreiing på øyar i tropiske hav

Larinae, måsar Slekt Creagrus, svalestjertmåse, Creagrus furcatus, endemisk for Galapagosøyane Slekt Rissa, krykkje langs kystar av nordlege Atlanterhavet og Stillehavet, samt raudfotkrykkje i Beringhavet Slekt Pagophila, ismåse, Pagophila eburnea, sirkumpolar i Arktis, på pakkis eller ved kanten Slekt Xema, sabinemåse, Xema sabini, sirkumpolar i Arktis Slekt Chroicocephalus, elleve relativt små måsar, dei fleste med hette. Slekta er vidt distribuert i alle verdsdelar unntatt Antarktis Slekt Hydrocoloeus, dvergmåse, Hydrocoloeus minutus, oppstykka leveområde i Eurasia inkludert vestlege og sørlege Europa. Avgrensa i N-Amerika Slekt Rhodostethia, rosenmåse, Rhodostethia rosea, lever i arktis, nordlege Amerika, Grønland og nordaustlege Sibir Slekt Leucophaeus, fem måseartar i «den nye verda», fleire med relativt mørk fjørdrakt Slekt Ichthyaetus, seks måsar i «den gamle verda» Slekt Larus, 24 store kvithovuda måsar, vidt spreitt, dei fleste på den nordlege halvkula, alle dei vanlege måseartane i Noreg er Larus-måsar: svartbak, sildemåse, gråmåse, fiskemåse

Rynchopinae, saksenebbar Slekt Rynchops, tre artar saksenebbar, terneliknande fuglar i tropisk og subtropisk Amerika, Afrika og Sør-Asia

Sterninae, terner Slekt Gelochelidon, to store terner: sandterne, G. nilotica er sirkumpolar og sumpsandterne, G. macrotarsa finst i Australia Slekt Hydroprogne, rovterne, Hydroprogne caspia, nest største ternearten, sirkumpolar nær tropane, hekkar i tempererte område Slekt Thalasseus, åtte terneartar med fjørtopp, verdsomspennande utbreiing, inkluderer splitterne Slekt Sternula, sju artar av små terner Slekt Onychoprion, fire tropiske artar, fleire med mørk overside, ein art beringterne hekkar langs kysten av Alaska og Nordaust-Sibir Slekt Sterna, 13 vidt spreidde artar typiske terner, inkluderer raudnebbterne, makrellterne, rosenterne Slekt Chlidonias, ferskvassartar, fire svartterner med mørke område i fjørdrakta, og ei lysare, maoriterne Slekt Phaetusa, tjukknebbterne, Phaetusa simplex, ei stor terne i og rundt Amazonasbassenget Slekt Larosterna, inkaterne, Larosterna inca, ei mørk terne ved kysten av Chile og Peru

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Måsfåglar» frå , den 30. november 2014.

Referansar

Bakgrunnsstoff