Abu Snan (arabisk أبو سنان; hebraisk אַבּוּ סְנָן) er ein arabisk lokal kommune i Galilea nord i Israel, med eit areal på 4,75 km². Han fekk status som lokal kommune i 1964. Han er ein religiøst blanda stad med ein muslimsk majoritet og ein større minoritet av drusarar og kristne.

Abu Snan hadde eit folketal på 11 900 i juni 2008, av dette 54,7% muslimar, 26,4% drusarar, og 18,9% kristne.

Historie Abu Snan er ein gammal landsby, der gamle steinar er brukte om att i moderne hus. Graver, olje- eller vinpresser, og cisterner er funnen skoren ut i berget.Dauphin, 1998, s. 639

Krossfararar Kring 1250 var Abu Snan kjend for ei borg laga av Den tyske riddarordenen, kalla d Busnen.Conder and Kitchener, 1881, p 153 Under namnet Tusyan, truleg ei forvansking av Busenan, vart Abu Snan nemnt som ein del av området til krossfararane under hudnaen mellom krossfararane basert i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur (Qalawun) som vart erklært i 1283.

Osmansk tid I 1517 vart Abu Snan og resten av Palestina innlemma i Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 var han oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya. Han hadde då 102 hushaldningar og 3 ungkarar, alle muslimar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abu Snan» frå , den 6. desember 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Abu Sinan

Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel