thumb|Hammaren i venstre øyret: (A) sett frå baksida (B) sett frå innsida Hammaren (av latin malleus «hammar») er ein liten hammarforma knokkel og den ytste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret som koplar til ambolten og er festa til den indre overflata på trommehinna. Han overfører vibrasjonar frå trommehinna til ambolten.

Struktur

Hammaren er eit lite bein i mellomøyret. Det er den fyrste av dei tre høyreknoklane og er samanknytt med trommehinna. Hammarhovudet (caput malei) er den lange utstikkaren som koplar til ambolten. Hovudet koplar til hammarnakken (collum mallei), og beinet går vidare til hammarskaftet (manubrium mallei) som koplar til trommehinna. Mellom nakken og skaftet finn ein dei laterale (sideliggande) og anteriore (fremre) framspringa som kjem ut av beinet.

Hammaren er unik for pattedyr og blei utvikla frå det nedre kjevebeinet (os articulare) hjå basale amniotar, som framleis dannar kjeveleddet hjå reptil og fuglar.

Utvikling Hammaren oppstår embryologisk frå den fyrste gjellebogen saman med resten av tyggebeina, nemleg underkjeven og overkjeven.

Funksjon

Hammaren er ein av tre høyreknoklar i mellomøyret som overfører lyd frå trommehinna til det indre øyret. Hammaren tek imot vibrasjonar frå trommehinna og sender desse til ambolten.

Fleire bilete

Sjå òg høyrsle ligamentum mallei superius ligamentum mallei laterale ligamentum mallei anterius

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Malleus» frå , den 6. desember 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Knoklar i hovud og hals Kategori:Høyrselssystemet Kategori:Øyret