Julis (arabisk جولس, hebraisk ג'וּלִס)Palmer, 1881, s.43 er ein drusarar-landsby og lokal kommune i Nord distrikt i Israel.

Etymologi I følgje ei lokal segn kjem namnet frå «Julius,» namnet på den romerske kommandanten som slo leir i området. Andre meiner det kjem frå det arabiske ordet for «å sitje» - «jalis», sidan han ligg i lågare åsar enn dei kringliggande landsbyane, og dermed ser ut til å sitje.

Historie I følgje osmanske skattelister frå 1596 hadde Julis ein hovudsakleg muslimsk folkesetnad med i alt 79 hushaldningar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, «sommaravlingar», frukttre, og «geiter og bier». Julis hadde òg ei presse for olivenolje eller druesirup.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191. Sitert i Petersen, 2001, s. 191 På 1500-talet var det òg ein liten jødisk folkesetnad her.

Tidleg på 1700-talet var Julis ein av dei store bomullsprodusentane i området.Cohen, 1973, s. 12. Sitert i Petersen, 2001, s.191 Seinare på hundreåret var han ein av fem landsbyar i Sahil Akka nahiya (Akko-kysten), som var eigd av guvernøren i Akko, og var friteken frå dei vanlege osmanske skattane.Cohen, 1973, s. 126, 133. Sitert i Petersen, 2001, s. 191

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han kalla Djoules.Guérin, 1880, s. 8 Han skreiv at «før eg kom til Julis kom eg til eit lite platå med mange cisterner. Cisternne og dei utskjerte steinen syner at staden er frå antikken.»Guérin, 1880, s. 8, as translated by Conder and Kitchner, 1881, s. 169 Seint på 1800-talet vart Julis skildra som «ein landsby bygd av stein med kring 200 drusarars, omgjeve av oliven og dyrkbar mark.»Conder and Kitchener, 1881, I:146. Sitert i Petersen, 2001, s.191

Moderne tid mini|venstre|Grava til sjeik Ali Fares i Julis Julis vart erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948. I motsetnad til mange av nabolandsbyane, fekk innbyggjarane lov å vere att i heimane sine.Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.198

Julis fekk status som lokal kommune i 1967. Folketalet mot slutten av 2007 var estimert til 5 400. Alle innbyggjarane er drusarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Julis» frå , den 13. desember 2014. oppgav desse kjeldene:

Cohen, A. (1973), Palestine in the Eighteenth Century: Patterns of Government and Administration, Hebraisk universitet, Jerusalem. Sitert i Petersen, (2001)

s. 40 Sitert i Petersen, 2001.

Petersen, Andrew (2001): A Gazetteer of Buildings in Muslim Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology)''

Bakgrunnsstoff Velkomen til Julis

Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Drusarstader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde på 1500-talet