Rosa Reichert, kjend som Ossi Reichert, () var ein tysk alpin skirennar, fødd og død i Gunzesried i Bayern. Ho vart olympisk meister i storslalåm i 1956.
Aktiv Reichert deltok i Vinter-OL 1952 i Oslo, der ho etter ein åttandeplass i den nye øvinga storslalåm på Norefjell, i Rødkleiva tok sølvmedaljen i slalåm bakom Andrea Mead Lawrence frå USA, og framom landskvinna Annemarie Buchner som tok bronsemedaljen. Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart Reichert atter best i slalåm, då med ein sjetteplass.
To år seinare vann Reichert gullmedaljen i storslalåm under vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo. Med tida 1.56,5 vann ho ein klar siger, 1,3 sekund føre sølvvinnar Josefa Frandl frå Austerrike.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ossi Reichert» frå , den 26. desember 2014.
Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956