Grankrossnebb (grankorsnebb) er fuglar i finkefamilien (Fringillidae). Han er ein flyttfugl.

mini|venstre|To hannar. Grankrossnebben er 16 cm og har eit vengespenn på 27-30 cm. Han er ein stor, tettbygd fink med eit tjukt, kryssa nebb.

Dei mørkebrune vengene og stjerten og den fargerike overgumpen er tydelege i flukt. Hannen er raud, med rosa-raud overgump; hoa er grågrøn med gulgrøn overgump.

Grankrossnebben lokkar med ein høg, metallisk, stakkato glipp-glipp-glipp. Han liknar på skottekrossnebb (i Skottland) og furukrossneb (Fennoskandia).

Føda er mest granfrø. Grankrossnebben legg oftast egg i februar—mars. Han er vanleg over heile Noreg viss frøsettinga er god.

Galleri

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Finkefamilien Kategori:Fuglar i Noreg