mini|Stig Sollander til venstre, saman med Toni Sailer og Chiharu Igaya under medaljeseremonien OL 1956
Stig Oskar Sollander () er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Frösön i Jämtland. Han vann OL-bronse i slalåm i 1956, og sikra seg bronsemedaljar i VM-kombinasjon både i 1954 og 1956.
Aktiv Sollander deltok i Vinter-OL 1948, og kom langt ned på resultatlista. Langt betre gjekk det i dei neste vinterleikane, i Oslo i 1952, der han vart nummer fem i slalåm og kom på delt sjetteplass i storslalåm.
Under VM i alpine greiner 1954 i heimlandet, vart Sollander nummer sju både i slalåm og storslalåm, og nummer ni i utfor. Samla gav desse prestasjonane han bronsemedaljen i kombinasjonen. To år seinare fekk han ein ny VM-bronse i kombinasjonen, ei øving som var basert på tidene i dei ordinære øvingane under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Til grunn for kombinasjonsresultatet låg mellom andre Sollander si sterke tid i OL-slalåmen, ei tid som gav han bronsemedaljen i slalåm, den fyrste olympiske alpin-medaljen til ein svensk utøvar.
Han la bort konkurranseskia i 1958.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stig Sollander» frå , den 29. desember 2014.
Kategori:Svenske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956