Guy Edward Fletcher () er ein engelsk multiinstrumentalist, mest kjend som klaverspelar i rockebandet Dire Straits frå 1984 til gruppa vart oppløyst og sidan i solobandet til Mark Knopfler.

Biografi Guy Fletcher voks opp i ein musikalsk familie og er kalla opp etter onkelen Guy Fletcher, som skreiv fleire hitsongar for andre artistar i lag med Doug Flett. Mora Barbara var studiosongar og faren Ted Fletcher var lyddesigner, (Orbitsound) og skapte ei rekkje lydutstyr kalla opp etter Joe Meek som han hadde arbeidd saman med.

Medan han arbeidde som lydteknikar i DJM Studios i London 15 år gammal, spelte Guy i sine eigne band og lærte å spele klaverinstrument, gitarar og forskjellige strykeinstrument. Han vart med i og turnerte med Steve Harley sitt 'Cockney Rebel' i 1979 og i 1981 og Roxy Music for 'Avalon'-turneen deira. I 1983 vart Guy hanka inn av frontmannen i Dire Straits, Mark Knopfler, for å arbeide med musikk til filmane Cal og Comfort and Joy. Han vart med i Dire Straits i 1984, eit år før det suksessrike albumet deira Brothers in Arms, som gjorde bandet verdskjend.

I 1986 produserte Fletcher Belouis Some-albumet med same namn i lag med Gary Langan.

I 1996 turnerte Fletcher i bandet til Bryan Ferry.

mini|venstre|Fletcher i 15. april 2005. Etter oppløysinga til Dire Straits i 1995 fortsette Fletcher å arbeide med den tidlegare bandkollegaen sin, Mark Knopfler, som medlem i bandet hans då han byrja solokarrieren sin. Fletcher var med som produsent og spelte klaverinstrument på det siste soloalbumet til Knopfler, Get Lucky, og var igjen med på turneen hans i 2010.

Soloarbeid Debutalbumet til Fletcher, Inamorata, kom ut 28. januar 2008. Mark Knopfler gjesta på sologitar på to spor og forskjellige musikarar som var tilknytt Knopfler deltok på albumet.

24. mai 2010 kom det andre soloalbumet hans, Natural Selection.

Diskografi Solo Inamorata (28. januar 2008) Stone (15. september 2014) Natural Selection (24. mai 2010)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Guy Fletcher» frå , den 2. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff GuyFletcher.co.uk

Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske studiomusikarar Kategori:Folk frå Maidstone Kategori:Dire Straits-medlemmar Kategori:Musikarar frå Kent