Tunesvegen er ein del av Fylkesveg 5354 og strekkjer seg frå Garnesvegen til han møter Europaveg 16/Hardangervegen og Takvamvegen i Arna i Bergen. Namnet vart vedteke i 1978. Garnes stasjon på Gamle Vossebanen og nedlagde Tunes skule ligg i vegen. I tillegg har Garnes vidaregåande skule ei avdeling i Tunesvegen 35.

Knutepunkt Garnesvegen Hardangervegen Takvamvegen

Fotnotar

Kategori:Vegar i Arna