Bjelleplystrarfamilien er det norske namnet på ein nyleg anerkjent biologisk familie av sporvefuglar. Det vitskaplege namnet er Oreoicidae. Dette er tre slekter med ein art kvar, samla med leveområde avgrensa til Australia, Indonesia og Papua Ny-Guinea. Siste åra fram til 2014 var desse artane trudde å vere medlemmar av plystrarfamilien.

Oreoicidae-artane er 16,5-26 cm lange. Dei har hovudsakleg jordfarger i olivengrønt, brunt eller raudbrunt, to av dei med fjørtopp. Alle er insektetarar, men vil òg supplere med anna føde. Dei beitar på eller nær bakken i skogshabitat som varierer frå tørre til våte habitat med arten.

Artslista Bjelleplystrarfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Slekt Oreoica Bjelleplystrar, Oreoica gutturalis, Crested Bellbird, LC, Vigors & Horsfield, 1827

Slekt Aleadryas Rustnakkeplystrar, Aleadryas rufinucha, Rufous-naped Bellbird, LC, Sclater, 1874

Slekt Ornorectes Alarmplystrar, Ornorectes cristatus, Crested Pitohui, LC, Salvadori, 1875

Kjelder Boles, W. (2007). Crested Bellbird (Oreoica gutturalis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta 7. januar 2015). Boles, W. (2007). Rufous-naped Whistler (Aleadryas rufinucha). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta 7. januar 2015). Boles, W. (2007). Crested Pitohui (Pitohui cristatus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta 7. januar 2015).

Referansar

Kategori:Sporvefuglar